Lesarinnlegg av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og stortingskandidat Lena Landsverk Sande (V)
Vi har sett oss ambisiøse klimamål. No lovfestar vi desse forsterka måla slik at dei blir rettsleg bindande for regjeringa og Stortinget. Det gir eit klart signal om at vi tar klimamåla på alvor.
Venstre arbeider heile tida for å løyse klima- og naturkrisa. Fordi vi tek ansvar for naturen og for fridomen til dei som kjem etter oss. Det gjer vi no med lovfestinga av dei styrka klimamåla.
Det nye målet er at i 2030 skal utsleppa reduserast med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent samanlikna med utsleppa i referanseåret 1990. I tillegg blir målet skjerpa for 2050 til å bli utsleppsreduksjon på minst 90 prosent og opp mot 95 prosent.
For Venstre så er det viktig at vi kuttar utsleppa, ikkje utviklinga. Utsleppa går ned med denne regjeringa, og dei må fortsetje nedover. Utsleppa er nå på sitt lågaste nivå på 27 år.
Vi har ei rekke viktige tiltak som vi skal følgje opp i Klimaplanen for 2021-2030. Nå skal vi blant anna sikre fleire miljøvenlege ferjer og bussar, styrke satsinga på sirkulær økonomi, ta vare på naturen og omstille næringslivet. For Venstre er det samtidig viktig at vi bruker dei offentlege verkemidla til å stimulere til nye arbeidsplassar og eit meir miljøvennleg næringsliv i heile landet. Då kan vi både kutte utslepp samtidig som vi skaper nye grøne arbeidsplassar.