Tilrettelegge for utfart i Sogndal kommune

Utfart
Vi treng oversikt over kvar vi ønskjer å legge til rette for utfart og korleis., Foto: Trude Risnes

Anleggsperioden i Grindsdalen, i samband med Sognekraft si vasskraftutbygging, er i ferd med å gå mot slutten. Og med det kjem spørsmåla frå friluftsglade innbyggjarar: Kva skjer no med tilkomsten til Grindsdalen? Vil området no bli tilgjengeleg, også vinterstid? Vil det bli lagt til rette for utfartsparkering?


Venstre meiner at det i samband med samfunns- og arealplanlegginga bør jobbast fram ei heilskapleg oversikt for heile kommunen, over kva natur- og friluftsområde kommunen ønskjer å leggje til rette for tilkomst og utfart til. Vidare korleis kommunen kan bidra.

Dette er i tråd med kommunens strategi for nærings- og samfunnsutvikling, og forventningar i Visit Sognefjord sin masterplan for reiseliv

Samstundes ønskjer vi at kommunen snarast kjem i dialog med grunneigarar og Sognekraft, for å konkret drøfte tilkomst og tilrettelegging i Grindsdalen. Det gjeld spørsmål om brøyting og tilkomst vinterstid, og tilrettelegging for parkering. Areal som no har vore anleggsområde blir snart rigga ned. Det er i innbyggjarane si interesse at kommunen no har dialog med grunneigarar og Sognekraft om korleis slikt areal eventuelt kan leggjast til rette for trygg tilkomst og utfart for friluftsglade innbyggjarar og besøkjande.

Av Trude Risnes, Gruppeleiar Sogndal Venstre, Sogndal