No har Venstre og regjeringa vedteke regelendringar som skal hindre gummigranulat på avvege. Viktige tiltak er bl.a krav til fysiske hinder kring kunstgrasbaner og krav til snørydding. Eigarane av banene skal også vurdere om det er mogeleg å bruke erstatningsmateriale og gjere det, viss mogeleg.
For kommunar og idrettslag er dette ei innskjerping, men overgangsrdningar skal gjere det enklare å gjennomføre tiltaka som må til. Dei mest kostnadskrevjande tiltaka vil først vere krav om, når banene skal rehabiliterast. Det same gjeld for anlegg som har fått byggeløyve før reglane trer i kraft, 1.juli.
Dette er eit viktig steg for å hindre plastforureining, men vi må gjere meir! Venstre i Sogndal er glade for at eit fleirtal i kommunestyret støtta vårt forslag om ein plan mot plastforureining. Vi vil at kommunen vår skal jobbe systematisk mot all ureining. Utfordrarkommunen Sogndal må setje seg ambisiøse mål og jobbe systematisk med å redusere bruken av plast i eigen organisasjon, redusere bruk av mikroplast på leikeplassar, idrettsbaner m.m, og hindre ureining.
Vi må også legge til rette for betre system rundt landbruksplast, og for rydding av plast i skog og mark, vassdrag, strender og fjord. Inkludert samarbeid mellom kommunane rundt Sognefjorden. Venstre ber no ordføraren at vi drøftar korleis saka kan takast vidare.
Vi må også få gjort opp «gamle synder», og sjå til at gamle tilsynssaker no får fart på seg og blir rydda opp i. Vel eitt år er gått sidan vi blei kjende med ei svært alvorleg forureiningssak, som har gått føre seg gjennom fleire år. Store mengder plast velta inn i jordmassar er avdekka, i tillegg til metallskrap og anna ureining frå landbruksproduksjon. Plasten ligg både på utmarksbeite og på fulldyrka jord, tilsaman vurdert til 2-3 tonn.
Sogndal kommune har stilt krav om at eigar skal legge fram plan for opprydding og plan for framtidig landbruksproduksjon, saman med landbrukskontoret. Kommunen skal sette frist for opprydding. Ein første frist blei sett til 1. april 2021 og seinare trekt, då den ikkje blei vurdert realistisk. Administrasjonen orienterte om dette i skriftleg svar 18. februar, etter spørsmål frå Venstre. I svaret blir det også vist til at politisk nivå vil bli orientert om oppfølging av saka.
Venstre ber no ordførar om status. Er planane lagt fram? Er frist for opprydding sett? Eitt år har gått sidan tilsynet. Vi fryktar nye utsettingar, der ureininga og risikoen for dyra held fram. Nedgrevne plastberg i beitemarka og hagen, og faren for dyr med plast i magen kan ikkje halde fram!
Trude Risnes
Gruppeleiar for Venstre i Sogndal