Breiband til alle innan 2025
Førstekandidat på stortingslista og ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande, peika på viktigheita av breiband til alle i sin presentasjonsvideo. Landsmøtet slutta seg til forslaget frå Distriktpolitisk utval, om å sikre breiband til alle innan 2025. Dette er viktig for at folk skal ha fridom til å sjølv velje kvar dei skal leve og bu.
På lag med bøndene
Det var stort engasjement særleg kring kapittelet om landbruk, og fleire hadde levert gode forslag til programmet. Mellom anna slutta landsmøtet seg til forslaga frå Vanylven Venstre, som gjekk på å jobbe i tett samarbeid med bøndene når det skal kuttast klimagassar i landbruket og at kulturlandskapet skal ivaretakast med beitedyr.
Den liberale stemma
Ragnhild Helseth, fylkesleiar og andrekandidat på stortingslista, heldt innlegg i generell politisk debatt der ho sa at liberale stemmer trengs i politikken. Venstre er det liberale alternativet. Venstre tør å satse og stå i sakene vi kjempar for, som rusreforma, fullføringsreforma, for natur og klima og internasjonalt samarbeid.
God dyrevelferd
Som medlem av programkomiteen til stortingsvalprogrammet har Ragnhild Helseth fått vere med å påverke undervegs i prosessen dei sakene Venstre skal gå til val på. I sluttbehandlinga av programmet i landsmøtet fekk ho gjennomslag for fleire punkt som gjeld dyrevelferd. Venstre går inn for forbod mot kverning som avlivningsmetode av hanekyllingar i eggindustrien, forbod mot CO2-bedøving av dyr i slakteri, og innføre obligatorisk ID-merking av hund og katt, med krav til både oppdrettar og eigar. Og til sist fekk hun flertal i går for at Venstre vil klargjere dyr sin eigenverdi i Straffelova om naudrett, slik at vald mot dyr blir sett som meir alvorleg enn skade på eigedom, og at dyr sin eigenverdi må klarare fram i norsk lov.
Delegatene som fylgde landsmøtet fra Møre og Romsdal var
Lena Landsverk Sande, delegat Landsstyret
Ragnhild Helseth, delegasjonsleiar
Håvard Urkedal
Kari Grindvik
Annika Brandal, medieansvarleg
Jack Blindheim
Frank Stenløs
Nathaniel S. Sande
Asgeir Bahre Hansen
David Lien
Jenny Korsnes (vara)
Berit Lyngstad (vara)
Pål Farstad og Frode Heimen melde forfall til landsmøte
Landsmøtet vedtok også ein politisk uttale;