Vi vil gi alle bedre tilgang på gode og nære helsetenester

Kari Grindivk, Landsmøte 2021
Skjermdump MRV

I høve handsaming av stortingsprogrammet, heldt Kari Grindvik innlegg til temaet om styrking av kommunehelsetenesta. Du kan også lese innlegget hennar her.

Frihet og trygghet i nære helsetilbud

Vi vil gi alle bedre tilgang på gode og nære helsetjenester

Type: Tilleggsforslag på Linje: 842 – 842 Innstilling: Avvises

Forslag: Opptrappingsplan for kommunehelsetjenesten igangsettes inkludert finansiering for å øke kompetanse og gjøre tjenesten i tråd med befolkningens helseprofil fremover, og være en attraktiv arbeidsplass for sykepleiere, helsefagarbeidere og andre faggrupper. Antall utdanningsplasser for sykepleiere må økes og med det gode praksisplasser som motiverer studentene for yrkesvalget de har tatt.

Kari Grindvik, innlegg i debatt til stortingsprogrammet

Gode Landsmøte

Eg vil framsnakke framlegg 840, frå valkamputvalet i Møre og Romsdal, som peikar på behovet for ein opptrappingsplan for kommunehelsetenesta. Det er innstilt avvist og eg vil be landsmøtet stemme mot innstillinga

Begrunnelse:

Kommunehelsetenesta må styrkast med omsyn til fagleg utvikling, arbeidsforhold og avlønning.

Det handlar om Norge- vi har gått frå å ha fødselsoverskot til no å ha fødselsunderskot og utfordringane endrar seg. Framover vil vi ha knappheit på arbeidskraft, i tillegg til auka behov i helse og omsorgssektoren. Vi må tenke smartare rundt tenesteorganisering og desentralisert utdanning. Vi treng innovasjon og betre samhandling, samtidig må staten legge opp til eit inntekstsystem for kommunen og eit finansieringssystem for helse og omsorgstenestene som støttar opp under dei nye utfordringane.

Samhandlingsreforma har ført til at kommunehelsetenesta har gått gjennom store endringar når det gjeld oppgåvene som skal løysast. Kommunene har no overteke ansvaret for pasientar som før fekk behandling i spesialisthelsetenesta. Dersom kommunehelsetenesta skal gi god bistand til desse nye pasientgrupper, krev det auka kompetanse utover det som tidligere var typisk oppgaver for sykepleiere og helsefagarbeidere. Difor må vi auke talet på utdanningsplassar også desentraliserte, og tilby gode praksisplassar.