Helse og elbilpolitikk
Møre og Romsdal Venstre sin delegasjon går til landsmøtet med forventning om å påverke i fleire saker.
Programkomiteen har i sitt andreutkast foreslått at å utgreie alternativ til dagens helseforetaksmodell. Dette støttar Møre og Romsdal Venstre. Landsstyret snudde i si innstilling. Vi vil arguentere for at dette vert tatt inn i teksta igjen.
Vi tek også opp igjen vårt forslag om at vi vil innføre momsfritak på reparasjon og materiell til reparasjon av elbilar i same tidsrom som momsfritak på kjøp av elbilar. Det er dokumentert at relativt nye elbilar vert vraka når behov for reparasjon oppstår, fordi det løner seg meir å kjøpe ny enn å reparere. Det er ikkje haldbart i ei tid der vi fremmar sirkulærøkonomi.
Friheit og muligheiter for alle
Friheit og muligheiter for alle i fellesskap er avgjerande for at einkvar skal få utvikla sitt potensiale som menneske, uavhengig av sosial bakgrunn.
Skulen er grunnlaget for like muligheiter, kunnskap så viktig for å forstå verda, for å delta i demokratiet og ikkje minst for å forstå kor alvorlig klimakrisa er for vår eksistens.
Klimakrisen må løysast.
Derfor er klima Venstre si viktigaste sak. Klima er avgjerande for at naturen bevarast med sine artar og sitt kretsløp. Landbruket og fiskeri er avhengig av ein natyr i balanse. Nettopp verdiskaparfylket Møre og Romsdal ser at klimakrisa må løysast for å sikre vårt næringsliv med nye, grøne arbeidsplassar og for at folk skal bo i bygd og by.
Rusreforma
Rusreforma er den viktigaste sosialpolitiske saka i vår tid. Venstre vil fortsette å kjempe for ei endring frå straff til helsehjelp. Lovendring er avgjerande for å få reforma gjennomført. Regjeringa har allereie satt i gang opptrappingsplan for rus og psykisk helse. Det er i det løpet rusreforma kjem inn. Utan lovendring, ingen rusreform.
Møre og Romsdal sin delegasjon
Møre og Romsdal Venstre har ni delegat, samt at Lena Landsverk Sande er direktevalt i Landsstyret. Lena er vår førstekandidat til Stortingsvalet til hausten. Alle førstekandidatar skal halde tale på landsmøtet, og vi ser fram til å høyre Lena snakke om nokre av sine hjartesaker.
Delegasjonsleiar er Ragnhild Helseth, fylkesleiar og andrekandidat på stortingslista. Ho er også medlem av programkomiteen til stortingsprogrammet.
Dei øvrige delegatane er Håvard Urkedal, Kari Grindvik, Annika Brandal, Jack Blindheim, Frank Stenløs, Nathaniel Sande, Asgeir Bahre Hansen og David Lien.
Med i delegasjonen er også Jenny Helen Korsnes og Berit Lyngstad. Delegat og varaene sit samla fordelt på to stadar i fylket, Kristiansund og Ulsteinvik.
Kontaktpersonar:
Fylkesleiar Ragnhild Helseth (95804889)
Valkampsekretær Annika Brandal (40840900)
Førstekandidat Lena Landsverk Sande (45227168)