Det siste året har utfordra velferdssamfunnet vårt på mange område. Pandemien rammar fattige og rike land, og har vist oss at verda eigentleg ikkje er så stor.
Me har brukt mange hundre milliardar kroner i Norge for å avgrensa skadeverknadane av pandemien. Kvar gong regjeringa legg fram forslag til tiltakspakkar, så plussar Stortinget på endå meir. Pengane me bruker i dag, er dei me skulle satt av for å sikra komande generasjonar same levestandard som oss – når oljeinntektene blir lågare og pensjonskostnadane aukar.
Kjære landmøte – eg er overtydd om at kvar einaste krone me har brukt er heilt nødvendig, men eg er bekymra for om framtidige Storting og regjeringar vil redusera det offentlege forbruket.
Friheit og moglegheiter for alle – og for framtidige generasjonar.
Perspektivmeldinga viser færre i yrkesaktiv alder som skal forsørga dei yngste og dei eldste, lågare avkasting frå oljefondet, og færre innvandrarar. Som Venstres medlem i evalueringsutvalet for pensjonsreforma, så vert eg ganske bekymra når me får presentert ulike scenario for framtidige pensjonskostnadar.
For å oppretthalde gode velferdstenester må me:
Jobba meir effektivt og auka innsatsen på forsking og utvikling.
Leggja til rette for arbeidsplassar som skapar verdiar og gir eksportinntekter.
Jobba lenger før me pensjonerer oss.
Sikra lågare sjukefråvær og gi fleire moglegheita til å delta i arbeidslivet, til å delta etter evne.
Me må stola på faglegheita til offentleg ansatte og redusera kontrollbehovet til staten – for eksempel vil meir fridom til lærarane gi mindre byråkrati.
Skal me gje gode velferdstenester må me bruka pengane på akkurat det, god skole, gode helse- og omsorgstenester. Det kan me klara – om me gjer den enkelte innbyggjar meir fridom og ansvar til å leva eigne liv utan ein stat som kontrollerer og reduserer valmoglegheitene.