– Dei som manglar formell kompetanse står ofte «bakerst i køen» i arbeidslivet – sjølv om dei er drivande flinke arbeidsfolk. Denne satsinga hjelper folk på ein enkel og ubyråkratisk måte til å få formell kompetanse, og dermed auke sjansane til fast og varig jobb, seier Alfred Bjørlo, 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane.
Dei nye kursa som no kjem er fordelt på fagområda bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv og teknologi- og industrifag.
Kursa er også opne for permitterte og arbeidsledige, i tillegg til personar som allereie er innanfor arbeidslivet, men manglar formell kompetanse. Det blir til saman oppretta 11 kurs i Vestland fylke.
Bakgrunn:
Kompetansepluss prøveordning med fagopplæring vart første gong lansert i 2018. Det er Kompetanse Norge som forvaltar ordninga. Målgruppa er vaksne arbeidstakarar med låg formell utdanning, som treng opplæring for å kunne ta fagbrev som praksiskandidat. Verksemder kan søke om pengar gjennom ordninga, som skal bidra til at vaksne får nødvendig kompetanse til å mestre krav og omstilling i arbeidslivet.