– Etter det tøffe året mange born og unge no har vore gjennom, er det ekstra viktig at vi strekker oss langt for å tilby gode aktivitetstilbod for born og unge sommaren 2021, seier ordførar i Stad og 1. kandidat for Venstre til Stortinget i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo. – Eg er glad for at Regjeringa har lagt til rette for at alle kommunar kan søke om ekstra midlar til sommarskule, og at svært mange born og unge no får høve til å få eit slikt gratis aktivitetstilbod sommaren 2021, seier Alfred Bjørlo.
– Sommarskule er ikkje ei erstatning for ordinær skule, men eit viktig supplement i ei spesiell tid, seier Kunnskapsminister Guri Melby. – Dette er eit høve for elevar i grunnskulealder til å få delta i sosiale og kulturelle aktivitetar, og i tillegg få fagleg påfyll, seier Melby.
Kommunane har stor fridom til å utforme det lokale sommarskuletilbodet ut frå sine eigne føresetnader. Kommunane står også fritt til å samarbeide med idrettslag, kulturskule, leirskular eller frivillige lag og organisasjonar. Kommunane kan også avgjere lokalt om bestemte elevgrupper skal prioriterast.
-Tilskotet er innretta slik at det gir stort lokalt handlingsrom til kommunane, seier Guri Melby, men presiserer at tilbodet skal vere gratis for born og unge som deltek.