Det har vore fleire innlegg om skjermbruk i skulen, og eg vil gje all honnør til dei foreldra som har sett fokus på saka. Politikarane i utvalet har blitt sitert på at me meinte at dei kritiske innspela til digitaliseringssatsinga i skulen var «betimelige». Det stemmer, men eg vil gjerne få nyansere det litt for min eigen del.
Det er eit grunnleggande prinsipp i norsk skule at lærarar skal ha fridom til å velje metode, men dei har også eit metodeansvar for å velje det som gjev mest læringsutbytte. Dette vil mange si seg einige i, men samstundes blir det hevda i eit lesarinnlegg i førre veke, at foreldre må få bestemme kor mykje skjermtid barnet deira skal ha. Det er eit vanskeleg prinsipp å forsvare, synest eg. Det er svært mange områder der foreldre vil vere ueinige med prioriteringane til skulen: Svømmeundervisning, bruken av ordet «hen», skidagar, seksualundervisning… Debatten går ofte om større og mindre saker som skulen står for utføringa av, der foreldre føler at skulen går inn på område dei som foreldre skal bestemme. Det er grunnleggande viktig i samfunnet vårt at skulen er ein plass der alle born får lik tilgang, like moglegheiter, lik kunnskap og lik handsaming uavhengig av bakgrunn, økonomi, verdigrunnlag og religion. Og uavhengig av foreldre. Sjølvsagt skal me diskutere innhaldet i skulen i fellesskap, men det må vere for å komme fram til ein felles stad å legge lista for alle born i skulen, ikkje fordi kvar enkelt foreldre skal få bestemme over utvalde delar av skulekvardagen for sitt eige born. Sjølv om eg absolutt deler bekymringa for mykje skjermbruk blant born og unge, så kan ikkje det opne opp for at foreldre skal kunne reservere seg mot skjermbruk i skulen.
Diskusjon rundt skjermbruk og omfang er likevel kjærkomme og naudsynt. Eg meiner at i den store verktøykassa som lærarar skal ha tilgjengeleg, må det ligge ein skjerm. Men på same måte som ein ikkje kan sette ei verktøykasse føre ein person og rekne med at han finn ut på eiga hand når det løner seg å bruke ein hamar, og når det løner seg å bruke ei klubbe, så må ein lærar også lære korleis digitale verktøy kan brukast best mogleg; når det løner seg å bruke skjerm, og når det løner seg med papir og blyant. I utvalet for oppvekst og kultur har me derfor etterspurt ein plan for kompetanseheving hos lærarar slik at det er ein samanheng mellom dei verktøya som er tilgjengeleg, og kunnskapen om når og korleis ein bør bruke dei – fyrst da kan metodeansvaret til læraren forvaltast best mogleg. Ein lærar skal sleppe å føle at dei må bruke verktøy dei ikkje føler seg trygge på, eller kjenner bruksområdet til.
I tillegg har eg på vegne av Midt-Telemark Venstre lagt inn ei heil rekke spørsmål om rutinar rundt personvern, som me må få gode svar på. Det hjelper ikkje å ha gode verktøy tilgjengeleg viss bruken av dei bryt med reglane for personvern. Me har ei etisk forplikting til å beskytte ungane i kommunen vår mot deling av personopplysingar og dermed innsyn i deira private liv, og me har ei juridisk forplikting til å følgje GDPR-lovgjevinga som (heldigvis) er veldig streng på dette punktet. Kommunen må ha rutinar for dette, og den enkelte lærar må ha kunnskap om kva som er lov. Igjen: Me må jobbe med kompetansen rundt dei digitale verktøya både på den eine og den andre måten. I utvalet vil eg starte diskusjonen der.
Evy Beate Stykket, Midt-Telemark Venstre
Leiar i hovudutval for oppvekst og kultur
Dette er eit lesarinnlegg som sto på trykk i Bø blad 25. mars 2021.