Dei tre regjeringspartia Høgre, Venstre og Krf er samde om at Voldatunnelen skal med i ny Nasjonal Transportplan med oppstart i komande seksårsperiode. Tunnelen vert 3,5 km lang og skal byggast mellom sjukehuskrysset i Volda og Furene. Det er sett av ei oppstartsløyving på 300 mill kr til prosjektet.
– I Volda Venstre jublar vi. Dette var ei retteleg gladmelding – og ei sak vi har jobba for i fleire år, seier Hallvard Bjørneset som er gruppeleiar i Volda Venstre.
– No får vi ei mykje tryggare trafikkavvikling gjennom Volda sentrum og eit langt betre sentrumsmiljø. Med ny tunnel vert gjennomgangstrafikken og ikkje minst tungtrafikken gjennom sentrum kraftig redusert. Eg har jobba i Volda sentrum i mange år og opplevd korleis trafikkbiletet har blitt stadig meir kaotisk. I tillegg er noverande europaveg mellom sentrum og Furene til dels smal og uoversiktleg – og tilfredsstiller på langt nær dagens krav til standard, seier Bjørneset.
Prosjekt E39 mellom Volda og Furene har ei totallengd på 3,8 km med to nye vegkryss. Det er planlagt oppstart i første planperiode, men at finansieringa vil strekke seg over i andre periode. Den totale kostnadsramme er sett til ca 1 milliard kr – der 300 mill kr skal løyvast i første del av planperioden. Prosjektet er føresett delvis finansiert med bompengar med ein estimert bompengeandel på 30 prosent.
Samla Nasjonal Transportplan for dei neste 12 åra vert presentert av samferdsleminister Knut Arild Hareide (Krf) fredag 19. mars.