Regjeringa med Høgre, Krf og Venstre vil setje av 18 milliardar kroner ekstra til opprusting av fylkesvegnettet dei neste 12 åra. Pengane skal hovudsakleg gå til å ruste opp og oppgradere dei delene av fylkesvegnettet som ser særskilt viktig for næringstransport og for å knyte saman bu- og arbeidsmarknadsregionar i distrikta. Av dei 18 milliardane får Vestland den største potten av alle fylka i landet, med over 3 milliardar kroner.
– Eg tar det som ei sjølvfølge at dei ekstra midlane som no kjem til fylkesvegar blir brukt til å styrke distriktsregionar i Vestland, seier Venstres 1. kandidat i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo. Mange viktige vegprosjekt i både Sogn, Sunnfjord og Nordfjord passar perfekt inn i den nye tilskotsordninga til fylkesvegar, som både har ei sterk distriktsvinkling og er retta inn mot opprusting av eksisterande vegnett framfor bygging av heilt nye vegar.
– Heilt sidan mange fylkesvegar vart overført frå staten til fylka av den raudgrøne regjeringa i 2010 utan at nødvendige økonomiske midlar følgde med, har det opparbeidd seg eit stort etterslep på fylkesvegnettet. Eg er glad for at Regjeringa med Høgre, Krf og Venstre no tek tak i dette, og startar det store arbeidet med å få opp standarden på det som er «kvardagsvegane» for folk og nærinsliv i distrikta, seier Venstres 2. kandidat i Sogn og Fjordane, Gunhild Berge Stang.