Kampen om naturen
I Hallingdal har vi store areal å boltre oss på. Likevel bør vi stille oss spørsmålet om vi gradvis blir blinde for endringane vi påfører naturen gjennom arealbruken vår. Gjennom arealbruken, som kommunen har ansvaret for, gjer vi valg og handlingar som har stor betydning for naturmangfaldet og leveområda til dyr, plantar og sopp. Den største trusselen for naturmangfaldet er nedbygging av naturen. Eit leveområde mindre betyr sjeldan at ein art vert utrydda, men når det blir eitt leveområde her, og eitt der i stadig aukande tempo, fører det til at sårbare artar blir mindre robuste.
Naturkampen
Sabima, ein miljøorganisasjon som arbeider for å stanse tap av naturmangfald, har kartlagt kommunane sin innsats ut ifrå 10 gitte kriterier som har betydning for naturen. Målet er først og fremst å vise kor lite informasjon om kommunane si forvaltning av natur som er tilgjengelig. Av Norge sine 356 kommunar er Ål rangert som nr 227. I Viken fylke er Ål nummer 40 av 49 kommunar. Dette er ikkje noko vi kan vere stolte av.
Det som trekker ned i Ål er mellom anna: nedbygging av jordbruksareal, nydyrking av myr, dispensasjonar frå gjeldende planar, og ein kommuneplan som baserer seg på gamal kunnskap. Kommuneplanen er rett nok no under rullering. Bygging i landbruks, natur og friluftsområder (LNF- områder) er ikkje rapportert inn frå Ål kommune, men dette er eit område der Ål kommune for ofte dispenserer. Ferske eksempel er den mykje omtala saka om hytta/ stølsbua i Beihovd, og omlegging av skiløype i Lauvdalen. Begge saker i LNF- områder, den siste i villreinområdet, som vi har eit særskilt ansvar for. Å ha utstrakt bruk av dispensasjonar frå gjeldande planverk er, i tillegg til at det gir mindre langsiktig forvaltning, også udemokratisk. Det gir mindre grad av medverknad, og mindre styring av arealbruken til beste for fellesskapet.
Mange ser verdien av flotte fjellområder for rekreasjon og friluftsliv, men ynskje om kortsiktig gevinst og kravet til infrastruktur og standard, pressar grensene for kva vi tillet av bygging inn mot fjellet. Eg meiner at vi politikarar må våge å bremse nedbygginga, og stille strengare reguleringskrav til korleis utbygginga blir gjort, slik at naturressursane ikkje blir forringa. Kommuneplanen er det viktigaste verktøyet vi har lokalt for å sikre naturen vår.
Venstre foreslår
Vi har få kontrollsystem som måler korleis vi som kommune ivaretek naturmangfoldet, og staten manglar verktøy for å gi prognosar for korleis naturmangfaldet i Norske kommunar utviklar seg. I utkastet til nytt stortingsvalgprogram foreslår Venstre derfor å sette ein pris på naturen. Naturen har ein eigenverdi. Vi må verne meir natur enn vi gjer i dag, og det skal koste å bygge ut i nye områder. For at vi skal bli meir bevisste kva konsekvensar nedbygging av natur har å seie for omgjevnadane våre, skal alle kommunar ha eit rekneskap som synleggjer desse konsekvensane. Med auka ressursar kan Naturindeksen, som måler tilstanden for økosystema på nasjonalt nivå, detaljerast på kommunenivå.
På same måten som vi rapporterer på korleis vi leverer på skule- og helsetenester, skal vi og dokumentere vilje til å ta vare på naturen. Eg håper at vi lokalpolitikarar fortsatt viser oss tilliten verdig, å sjå verdien av å bevare, slik at dei som kjem etter oss også skal ha tilgang til urørt «frisk» natur. I Ål kommune har vi høve til det gjennom arbeidet med rullering av arealdelen av kommuneplanen, som går føre seg no. Ål Venstre har gitt innspel i høyringsprosessen. Mellom anna meiner vi at vi bør vurdere 0-vekstmål i avsett areal til byggeformål, det bør vere 0-visjon for nedbygging av dyrka mark, og vi bør hindre nydyrking og utbygging i myrområder. For å sikre biologisk mangfald er det viktig at naturområder heng saman. Derfor foreslår Ål Venstre at forvaltninga av naturområda våre blir sett i ein større samanheng, t.d. i ein felles plan for Hallingdal eller for fjellregionen.
La oss bruke arbeidet med kommuneplanen til å sikre langsiktig og god forvaltning av areala våre, slik at barnebarna våre også har tilgang på urørt natur.