Nye Veier AS vil få ansvaret med å bygge ut strekninga E136 Dombås-Vestnes.
Regjeringa foreslår no å utbetre strekninga for å betre trafikksikkerheita og trafikkflyten. Tiltaka inkluderer breiddeutviding, forbikøyringsfelt i stigningar, utretting av kurver, siktutviding, oppgradering av avkøyrsler, rassikring og konkrete trafikktryggingsstiltak. Utviklinga av E136 bygger på eksisterande trasè og inkluderer dei naudsynte utbetringane i Romsdalen.
– Nye Veier AS bygger raskt og kostnadseffektivt og har behov for å få tilført fleire prosjekt i porteføljen. E136 Eksportvegen er det prosjektet som er prioritert høgast frå næringslivet i Møre og Romsdal, og er svært viktig for godstransporten inn og ut av fylket. No får vi samanhengande utbetring av heile strekninga frå Dombås til Vestnes og fjerna alle flaskehalsane, seier Helge Orten.
– For oss har det vore viktig å sikre ei heilheitleg utbygging av E136. Det får vi no. Nye Veier har ei føreseieleg finansiering og framdrifta i prosjekta vil ikkje avhenge av dei årlege budsjetta, seier Harry Valderhaug (Krf).
– Godstransporten har store utfordringer på E136, særleg om vinteren. Ei utbedring av denne strekninga vil auke trafikksikkerheita og betre framkomsten for alle, seier Lena Landsverk Sande (V).