– Venstre har lenge kjempa for meir midlar til rassikring. Det er svært gledeleg at vi no får til denne satsinga på ein av landets mest rasutsette vegar i ny Nasjonal Transportplan, seier Venstre sine førstekandidatar til Stortinget i Hordaland og Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn og Alfred Bjørlo.
Riksvegstrekninga mellom Skare i Ullensvang og Sogndal har totalt 62 skredpunkt kor om lag 32 punkt er kategorisert med middels og høg. I tillegg til rasfare er vegen òg prega av tidvis svært smal vegbredde og mange ulukker. I det vidare planleggingsarbeidet vil Nye Veier prioritere investeringar som reduserer rasfare og oppnå ein akseptabel minimumsstandard og legge til grunn mest mulig rassikring per budsjettkrone.
– Riksveg 13 har lenge vore skredutsett. Denne vegen er viktig for folk lokalt, men ikkje minst viktig som nasjonal turistveg inn til Hardanger. Venstre har hatt spesielt fokus på å forbetre rasutsette og trafikkfarlege vegstrekningar i denne NTP. Gode og trygge vegar er viktig for kvardagen til folk og for næringslivet, seier Sveinung Rotevatn, Venstre sin 1. kandidat til Stortinget i Hordaland.
– Seinast for to veker sidan gjekk eit større skred over Rv 13 mellom Hella og Leikanger som kunne ha fått fatale følgjer. Det er heilt nødvendig for folk og næringsliv i Sogn at Riksveg 13 no blir løfta fram i NTP, og at innsatsen skal rettast særskilt inn mot rassikring og utbetring av flaskehalsar, seier Alfred Bjørlo, Venstre sin 1. kandidat til Stortinget i Sogn og Fjordane.