Glede over 1 mill kr til næringslivet i Volda

Hallvard Bjørneset er gruppeleiar i Volda Venstre. Her saman med næringsminister Iselin Nybø (V), Volda Venstre

«Det er svært gledeleg at regjeringspartia saman med Frp er samde om å løyve midlar til lokale verksemder som er blitt ramma av ulike smitteverntiltak. For Volda kommune sin del utgjer midlane nærare 1 mill kroner,» seier Hallvard Bjørneset som gruppeleiar i Volda Venstre.

«Dette vil kome godt med. Det er nemleg mange verksemder kring om i landet som heilt klart slit tungt etter å ha blitt råka av skjerpa smitteverntiltak i vinter. No løyver regjeringa denne krisepakken direkte til kvar einskild kommune. Det er kommunane som har best oversikt over det lokale næringslivet – og som såleis får ansvaret med å fordele midlane lokalt,» fortel Bjørneset.

«Dette er den åttande krisepakken staten løyver i samband med korona-pandemien. Pakken utgjer i alt 1,75 milliard kr i kompensasjonsmidlar. 500 mill kr går til kommunar med arbeidsløyse over landsgjennomsnittet pr 16. februar. 500 mill kr vert delt mellom kommunane etter folketal. Resten av beløpet, 750 mill kr, vert sett av som reserve og vil bli fordelte mellom kommunane dersom dei strenge smitteverntiltaka varer ved,» seier Bjørneset.

Kommunane i Møre og Romsdal får i denne omgang tildelt knapt 26 mill kr. Ålesund kommune har flest innbyggarar og får mest med over 6,1 mill kr, mens Molde og Kristiansund kjem deretter med høvesvis 2,9 og 2,2 mill kr. Ørsta vert tilgodesett med 992.249 kr, mens Volda får tildelt 975.796 kr.