Utbygging av natur kan ha store, negative konsekvensar for naturmangfald, kulturmiljø, landskapsbilete, friluftsliv, naturressursar og biologisk mangfald. Difor skal alle utbyggjarar kartleggja kva planane deira kan bety for naturverdiane i det aktuelle området. Konsekvensanalysane skal vera faktabaserte og nøytrale, og utført av fagekspertar.
Det er dyktige fagfolk som arbeider med naturkartleggingar, men som NRK har avdekka (21.01.21), kan konsulentselskap føla seg pressa til å tona ned naturverdiar, av frykt for å mista oppdrag i framtida viss dei avdekker for store negative konsekvensar ved utbyggingsplanar. Sårbar natur treng solid garanti for at utgreiingane er objektive og laga på naturens, ikkje utbyggjars, premissar. Venstre ønskjer difor eit nytt system som styrker autonomiteten til utgreiar i enkeltsaker, for å sikra at ingen stiller spørsmål ved faktagrunnlaget i ettertid.
Eit nytt system for utgreiing kan utarbeidast etter inspirasjon av korleis ein kartlegg arkeologi og kulturminne, der det er offentlege instansar som står for utgreiingane. Ein modell for utgreiing av naturverdiar kan vera at fagpersonar som skal stå for dette arbeidet vert oppnemnt av Statsforvaltar eller fylkeskommune, eller at alle anbodsrundar knytta til utgreiingsoppdrag vert forvalta av ein nøytral tredjepart. Det sentrale for ein ny utgreiingsmodell er å styrka sjølvstende og avstand mellom utbyggjar og fagmiljøa som står for utgreiinga. Prinsippet om at det er utbyggjar som skal betala for utgreiingane må stå fast.
Rogaland Venstre ser at naturen i fylket vårt er under stadig press, og at næringsutvikling me ønskjer samtidig kan utgjera ein trussel mot naturverdiar. Venstre seier ja til nye næringar og berekraftig omstilling, men ikkje på kostnad av uerstattelege naturverdiar. I tillegg til å sikra solide og faglege konsekvensutgreiingar trengs det også eit kompetanse- og kapasitetsløft for kommunal arealplanlegging. Vi vil også at kommunar som tek vare på naturmangfaldet skal belønnast for dette gjennom inntektssystemet for kommunane.