Kvar dag grip menneske og bedrifter i fylket vårt moglegheiter og skapar verdiar – til det beste for heile landet. Næringslivet vårt er leiande ikkje berre i Noreg, men også i verda. Vi skapar framtida vår sjølv!
Verda og Vestland er i rask endring, blant anna på grunn av det grøne skiftet. Dette gjev oss ein unik moglegheit til å bygge lokalsamfunn og region.
Vestlandet ligg tett på havet og har rikt med naturressursar til lands og til vanns. Stadig fleire eldre gjer behovet større for å rekruttere til omsorg. Samstundes gjer einsidige arbeidsmarknader og store reiseavstandar det unødvendig vanskeleg å rekruttere også til privat sektor. Ny teknologi som tvingar seg fram mellom anna på grunn av koronapandemien er derimot ei motkraft som gjer det stadig enklare å busette seg og arbeide de-sentralt. Ein treng ikkje lenger bu midt i Oslo for å arbeide i Oslo. Det er viktig at også regionale og nasjonale styresmakter tek dette inn over seg i si planlegging og verkemiddelbruk, og tenker nytt og offensivt på distrikts-Noreg sine vegne.
Nasjonale og regionale myndigheiter må legge til rette for at ein byggjer ut desentraliserte klynger av utdanningsmiljø og offentlege kompetansearbeidsplassar i heile landet. Eit godt døme er arbeidet med Statens Hus i Stad. Dette vil vere avgjerande for å sikre tilflytting, mangfald i bu- og arbeidsmarknadsregionar og rekruttering til offentleg og privat sektor. Venstre vil også flytte fleire statlege verksemder ut av Oslo, slik vi tidlegare har gjort med mellom anna Konkurransetilsynet i Bergen og Fredskorpset/Norec i Førde.
Alle må ha god tilgang til breiband og mobilkommunikasjon. Dette må ikkje stå i vegen for etablering av arbeidsplasser og busetting i distrikta!
Samferdselssektoren må legge til rette for at folk og varer kjem trygt og raskt fram på ein måte som er mest mogleg skånsam for klima og miljø. Dette betyr m.a. at meir transport av varer bør skje sjøvegen, noko t.d. Stad skipstunnel vil bidra til. Moderne og saumlaust kollektivtilbod på veg, sjø og i lufta er viktig for næringslivet og folk i ein region som alltid har sett utover i verda. Difor vil Vestland Venstre mellom anna jobbe for at ferjetakstane vert redusert.
Vestlandet ligg tett på havet og har rikt med naturressursar. Dette har, og skal framleis gje grunnlag for gode liv, arbeidsplassar og gode lokalsamfunn. Vi treng godt kulturtilbod og nærleik til offentlege tenester der folk bur, og eit desentralisert utdanningstilbod. Vestland Venstre vil styrke satsinga på fleksible utdanningsløp som kan gjennomførast parallelt med jobb og utanfor universitets- eller høgskulecampus.
For å byggje vidare på alt det positive som skjer, skape eit godt grunnlag for berekraftig vekst og utvikling i distrikta, og gjere det attraktivt å bu i Vestland fylke, er Vestland Venstre særleg opptatt av:
- ein moderne distriktspolitikk, der regionale og nasjonale styresmakter søker nye, meir inspirerande utsikter frå frå kontora sine
- Prøve ut at statsansatte i Oslo får flytterett til eigen jobb (rett til å flytte ut i distriktet og behalde jobben)
- utbygging av breiband og mobilkommunikasjon som når alle
- trygg og rask transport av både folk og varer. Ta i bruk sjøvegen, som vestlendingen alltid har gjort!
- kulturtilbod og utdanningstilbod i heile fylket, der folk bur
- reduksjon av ferjetakstane