Fråsegn: Naturen som premiss!

Førdefjorden
Førdefjorden, Foto: Simo Räsänen / wikimedia commons (CC BY-SA 3.0)

Årsmøtet i Vestland Venstre vedtok søndag følgjande fråsegn:

Vestlandsnaturen har gjeve livsgrunnlag for menneske i tusenvis av år, og er ein viktig del av vår vestlandske identitet. Langs kysten og i fjordane våre finst små og store bygder og byar, og sjøvegen har bunde oss saman. Både fjord, hav og naturen elles må forvaltast på ein berekraftig måte, slik at vi kan nye generasjonar kan leve godt i dette fantastiske landskapet med rike ressursar.

Mange lokalsamfunn jobbar hardt for å etablera nye arbeidsplassar der areal, straumnett og løyve til utslepp er ein avgjerande føresetnad. Dette fører til stort press i mange lokalsamfunn, der omsynet til arbeidsplassar vert sett opp mot vern av naturen.

Vestland Venstre krev at gruveavfall som kan skade livet i Førdefjorden, ikkje vert deponert på sjøbotnen. Vi krev at det ikkje vert gjeve løyve til oppstart verken av masseuttak eller deponering, før ein har komme fram med gode løysingar. Løysingane må sikre Førdefjorden sitt grunnlag for naturbaserte næringar, som reiseliv, fiskeri og sjømat, og vere i samsvar med FN sitt berekraftsmål for reint hav.

Argumenta for å tillata etablering av nye bedrifter, produksjon av fornybar energi og å strekkja nye kraftliner er sterke og gode. Vi veit at Noreg vil ha behov for meir fornybar energi framover, og etterspurnaden frå Europa vil auke. Dette gjer at miljøvenleg kraft kan verta ein viktig eksport for Noreg. Då er det særs viktig at me tek grep for å sikra at produksjon og levering av denne energien skjer på ein mest mogleg miljøvenleg og skånsam måte, der det vert teke omsyn til natur, landskap og lokalsamfunn.

I åra før Venstre kom i regjering vart det gjeve fleire konsesjonar til vindkraftparkar som i dag er i etableringsfasen. Det er særs uheldig at fleire av desse konsesjonane var basert på feilaktig og mangelfullt kunnskapsgrunnlag. Resultatet er at det i dag vert bygd energianlegg som har alle løyve i orden, men som gjer stor skade på natur, friluftsområde og landskap. Eit slikt døme er Okla vindkraftverk på Stadlandet, som trass i store protestar fekk konsesjon i 2013.

Etter at Venstre gjekk inn i regjering i 2018, har vi stramma inn moglegheitene for inngrep i naturen. Løyva og konsesjonane som mot all fornuft blei gitt på Okla og i Engebø viser tydeleg at ei slik innstramming var høgst naudsynt. Konsesjonsregimet for vindkraft er endra, bl.a. for å verne urørt natur. Det er utvikla ein ny sektornøytral rettleiar for konsekvensutgreiingar, som skal gje betre fagleg grunnlag før avgjer vert fatta. I tillegg til ei strammare regulering, skal Venstre vere pådrivar for ei meir restriktiv haldning i konsesjonssaker der konsekvensane er store. Vestlandsnaturen skal vidareførast til nye generasjonar!

Vestland Venstre vil:

  • at ein jobbar for betre kvalitet i konsekvensutgreiingar, og at det for straumnett skal utgreiast sjøkabel der det er mogleg.
  • at det i all konsesjonshandsaming vert lagt sterkare vekt på natur og biologisk mangfald
  • at det vert laga ein plan for havvind der mellom anna omsyn til fiskeri og naturmangfald i havet kjem godt fram og vert vektlagt tung.
  • at ein tek Havpanelet sin rapport og FN sitt berekraftsmål nr 14 om havet på alvor, og unngår å sette Førdefjorden i ytterlegare fare med auka forureining
  • at ein jobbar for å stoppe Okla vindkraftverk på Stadlandet av omsyn til særskilde natur og landskapsverdiar. Dette er ei uforsvarleg vindkraftutbygging, bygd på manglande/feilaktig kunnskapsgrunnlag
  • at Noreg aldri meir tillet fjordeponi for gruveavfall
  • at ein jobbar for å finne ei forsvarleg løysing for massar frå gruvedrift i Engebøfjellet