I dag blei det kjent kva for 89 prosjekt som får den første støtta frå regjeringa si “Grøne plattform”. Totalt skal det delast ut 1 milliard kroner over tre år til prosjekt som legg til rette for grøn vekst og eit berekraftig næringsliv. Grøn plattform er ei ny satsing som gir bedrifter og forskingsinstitutt støtte til forskings- og innovasjonsdrive grøn vekst.
– Alle som har fått tildelt støtte i denne omgang, er samtidig kvalifisert til å søkje om midlar i storleik 50-150 millionar i neste runde, så dette er ein god start, og viktig for den grøne veksten i fylket vårt, seier Lena Landsverk Sande (V).
I alt kom det inn over 400 søknadar om støtte til forprosjekt på «Grøn plattform». 89 av prosjekta får no pengar til å jobbe vidare med søknadar til hovudutlysninga til våren.
I Møre og Romsdal får tre prosjekt støtte:
- Helhetlig energi- og leverandørkjede for hydrogen på Nordvestlandet – Norwegian Hydrogen AS, Ålesund
- Fra mineraler til grønn teknologi og kreftmedisin – Norsk Mineral AS, Molde
- Circular economy and process innovations for greening or scrapping of the existing fleet of vessels through sustainable recycling & retrofit – ÅKP AS, Ålesund
Utlysinga om forprosjekt har vore open for alle bransjar, og både næringsliv og forskningsinstituttet har vore målgruppa. Prosjekta i Møre og Romdal får kr 300.000,- i støtte kvar no.
Anders Riise (H) er imponert over breidda i søknadane. Her er hydrogen, mineral til medisin og maritim sektor på ballen med svært spanande forprosjekt som eg verkeleg håpar går vidare til neste runde og kan kjempe om dei store prosjekta. Som igjen kan bidra til det grøne skiftet. Vi har fagmiljøa og eg trur vi vil lukkast, og eg ynskjer alle 3 verksemdene lukke til med forprosjektet.
Randi Walderhaug Frisvoll (Krf) er glad for dei gode nyheitene for norsk verftsindustri. Forsking og ny teknologi vil gi maritim næring auka konkurransekraft og ikkje minst muligheit til å nå målet om nullutslepp. Berekraftig næringsliv vert her gitt muligheita til å lykkast med grøne arbeidsplassar og spennande løysingar.
– Norsk økonomi treng fleire bein å stå på, og det er gledeleg at regjeringa legg til rette for grøn vekst og eit berekraftig næringsliv, avsluttar Lena Landsverk Sande (V).
Bakgrunn
- I revidert budsjett 2020 foreslo regjeringa 1 milliard kroner fordelt i perioda 2020-2022 til grøn fornying av næringslivet gjennom ein grøn plattform for forsking og innovasjon.
- Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Siva skal administrere ordninga og løyve midlar til grøne prosjekt gjennom ein ny, grøn plattform. Det er totalt løyvd 333 mill. kroner til Grøn plattform i 2021.
- Føremålet med ytinga er å skape samfunnsøkonomisk lønsamt og berekraftig næringsliv, som bidreg til grøn omstilling. I 2020 er midlane fordelt med 192 mill. til Norges forskningsråd sine program, 102,5 mill. kroner til Innovasjon Norge og 38,5 mill. kroner til Siva.
- Nokre naturlege satsingsområde for ei slik fellessatsing kan vere sirkulær økonomi, hydrogen, batteriteknologi og havvind, anna fornybar energi, bioøkonomi, omstilling i leverandørindustri, samt marin sektor, fôr og nye artar.
- I alt kom det inn over 400 søknadar om støtte til forprosjekt på Grøn plattform. 89 av prosjekta får pengar (26,6 millionar kroner totalt og maks 300 000 kr per forprosjekt), til å jobbe vidare med søknadar til hovudutlysinga til våren.
- Ved hovudutlysinga til våren kan det søkast om støtte på mellom 50 og 150 millionar kroner. Forskningsrådet, Innovasjon Norge, Siva og Enova samarbeider om ordninga og har valt ut kven som får støtte.