Alle møta helga 13. – 14. februar vert avvikla digitalt via Zoom
Her finn du brukarrettleiing for Zoom.
Alle som skal delta oppmodast om å sørge for å ha siste versjon av Zoom installert!
Møtelenkjer:
Nominasjonsmøte for Hordaland valkrins startar laurdag 13. februar kl 10:45, men møterommet i zoom opnar allereie 10.15. Dette møtet skal vere ferdig seinast kl 14.40.
Registrer deg på førehand (gjerne allereie i dag) via denne lenkja:
https://zoom.us/meeting/register/tJMqcuugrjsvEtbcr_aLhENstXYWENAzMmZD
Nominasjonsmøte for Sogn og Fjordane valkrins startar laurdag 13. februar kl. 13:00, møterommet i zoom opnar allereie kl. 12.15. Dette møtet skal vere ferdig seinast kl. 14.40.
Registrer deg så snart som råd via lenka under dersom du skal delta på nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane valkrins:
https://zoom.us/meeting/register/tJYocOqvrjwoHtQLtB49HjxYIM2sVi8V_Ct0
Fylkesårsmøtet for Vestland Venstre startar laurdag 13. februar kl. 15.00,
men møterommet i zoom opnar allereie 14.45.
Laurdag varar årsmøtet til kl. 19.30 og søndag fortset årsmøtet i tidsrommet 10.30 – 15.30. Søndag opnar møterommet i zoom kl. 10.00.
Lenkja til fylkesårsmøtet er den same som for nominasjonsmøtet i Hordaland valkrins, så dei som deltek der treng ikkje registrere seg to gonger.
For fylkesårsmøtet (og nominasjonsmøtet i Hordaland valkrins gjeld altså denne lenkja:
https://zoom.us/meeting/register/tJMqcuugrjsvEtbcr_aLhENstXYWENAzMmZD
Etter at du har registrert deg (med namn og e-postadresse), vil du få eit svar på e-post med stadfesting på at du er registrert i møtet og sjølve lenkja til møte. Den lenkja, som er unik for deg, nytter du begge møtedagane.
Denne hovudlenkja er også den du skal nytte for å delta i prøvemøta som arrangerast kl. 20-22 både onsdag og fredag denne veka.
Bli gjerne med på et av dei!