Utlysing av stilling som valkamprådgjevar for Vestland Venstre i valkampen 2021 i perioden 12. februar til 30. september
Oppgåver:
- Bidra i stortingsvalkampen for Vestland Venstre i begge valkrinsane.
- Utforme valkampmateriell i samarbeidet med valkamputvalet
- Produsere innhald og ha det daglege ansvaret for Vestland Venstre i sosiale media
- Oppdatere nettsida til Vestland Venstre
- Utføre skriftlege og praktiske oppgåver etter oppdrag frå valkamputvalet
- Koordinere førespurnadar retta mot listekandidatane
- Utforming og utsending av medlemsbrev i heile valkampperioden, i samarbeid med valkamputvalet.
- Rapportering av studieaktivitet knytt til valkamputvalet sitt arbeid.
- Organisatorisk rapporterer valkamprådgjevar til valkamputval, men kommuniserer òg med fylkesstyret ved behov.
Valkamprådgjevaren vert ein nøkkelperson i organisasjonen fram mot stortingsvalet 2021. Valkamprådgjevaren vil ha ei brei kontaktflate i fylkeslaget og lokallag.Valkamprådgjevar har heimekontor, men må også pårekne reiseaktivitet over heile Vestland.
Stillinga er midlertidig. Det er tenkt 40 -50 % stilling i perioden 12. februar til 1. juni, deretter 100 % fram til 30. september, men med 3 vekers ferie i juli. Startdato, sluttdato og stillingsprosent kan diskuterast.
Lønn etter avtale. Stillinga kan passe til ein student.
Søknadsfrist: Snarast, seinast 2. februar
Send kort søknad og CV til sekretariatet på [email protected]
For meir informasjon om stillinga, kontakt leiar av valkamputvaet, Ingrid Fjeldstad på mob 93090492