TIME VENSTRE
REFERAT FRÅ STYREMØTE I TIME VENSTRE
ONSDAG 20 . JANUAR 2021 KL 1800 – 2015
I KANTINA I KJELLAREN PÅ RÅDHUSET
DESSE MØTTE:
Bjarte Solheim, Gjert Bjerkevoll, Ingebjørg Undheim, Tove Byberg, Atle Sjølyst Kverneland, Unni Fuglestad og Knut Norddal.
SAKER:
- KONSTITUERING AV STYRET.
Årsmøtet valde Gjert Bjerkevoll som leiar og Bjarte Solheim som nestleiar.
Knut Norddal vert kasserar og skrivar.
Unni Fuglestad, Tove Byberg og Ingebjørg Undheim er styremedlemmar.
Atle Sjølyst Kverneland er varamedlem til styret saman med Heidi Håland og Jørn Martinsen.
- MØTEKALENDER FOR 2021.
Eg viser til vedlagde møtekalender.
Møta er på måndagar før møta i formannskap og kommunestyre.
Bjarte sender melding på Facebook med link til saksdokumenta.
Styremøta vert og lagde til måndagar før gruppemøta. Gjert kallar inn til styremøta om lag ei veke på førehand.
N.B. Neste styremøte er måndag 15. mars.
- HØYRINGSFORSLAG – KOMMUNEPLAN FOR TIME KOMMUNE 2018 – 2030 – AREALDELEN, FASE 2
Vi drøfta merknader til arealdelen som gjeld utbygginga på Kalberg.
Time Venstre sender sine merknader til kommunen innan høyringsfristen som er 14. februar.
Knut oppdaterer merknaden og sender til Gjert som vidareformidlar til Rogaland Venstre og Venstre si fylkestingsgruppe.
Time Venstre sine merknader til høyringsforslaget følgjer som vedlegg.
- STORTINGSVALPROGRAM, UTKAST
Vi drøfta desse punkta:
Linje 375: Søndagsopne butikkar og sal av øl og vi i butikk; ulike meiningar.
Linje 293: Formueskatt; usikre på kva formuleringane inneber.
Linje 383: Tollvernet; usikre på kva som ligg i dette.
Linje 413: Landbruksstøtte; må oppretthaldast på nivået i dag.
Linje 430: Fjerna forbod mot dyrking av industrihamp; ulike meiningar.
Linje 636: Fjerna tilleggspoeng for alder og kjønn; ulike meiningar.
Linje 798: Fjerna sexkjøpslova / hallikparagrafen; strykast; sender merknad, og utsendingar tar opp på fylkesårsmøtet.
Linje 903: Omsetting av cannabis; ulike meiningar, kva med til medisinsk bruk ?
Linje 1398: Moderat eigenandel i sjukelønnsordninga; skepsis, men noko ulike meiningar og vinklingar.
Linje 1406: Avvikla det statlege bidraget til AFP; stryka linje 1402 – 1406; sender merknad, og utsendingar tar opp på fylkesårsmøtet.
Linje 1543: På sikt medlem av EU; ulike meiningar, med i prinsipprogrammet, uaktuelt med søknad no.
N.B. Utsendingar til fylkesårsmøtet møter IKKJE med bunde mandat, men stemmer etter overtyding og kan på den måten gjenspegla ulike meiningar i Time Venstre.
EVENTUELT
Unni orienterte om at fylkesårsmøtet på Bryne 6. – 7. februar truleg ville verta utsett eller avvikla digitalt.
Kvernaland, den 21. januar 2021
Knut Norddal
Skrivar / referent