I 2024 skal alle båtar som i dag går på ekspressbåtrutene Bergen-Sogn og Bergen- Nordfjord, samt lokalbåtane i Flora-bassenget, Høyanger og Vik, skiftast ut med flunkande nye, raske og stillegåande båtar med nullutsleppsteknologi (batterielektriske båtar, evt kombinert med bruk av fornybart, berekraftsertifisert biodrivstoff).
På Kystvegekspressen Florø-Selje skal det på toppen av dette testast ut verdas første hydrogendrivne fartøy tilpassa rutegåande transport – med mål om å få hydrogenbåten i fast trafikk så snart fartøyet er godkjent og sertifisert. Det vil bety eit raskare, meir komfortabelt og stillegåande og langt meir moderne fartøy enn det som går på strekninga Florø-Måløy i dag – med forlenging heilt til Selje.
Fylkesutvalet har også presisert at det skal leggast til rette for å opprette samanhengande båtruter heilt til Ålesund etter at Stad Skipstunnel opnar (truleg i 2025).
For kvardagen til folk langs kysten betyr Fylkesutvalet i Vestland sitt vedtak at ein er sikra eit godt, sikkert og stabilt båtilbod heilt fram til rundt år 2040 – samtidig som båtane på blir langt betre enn dagens gamle diesel-båtar, og rutetilbodet blir utvida nordover til Selje/Ålesund.
Samtidig syner Vestland no for alvor vegen til ei ny klimavenleg framtid. For det første kuttar vi no våre eigne CO2-utslepp med rundt 200.000 tonn dei neste 12-14 åra. Samtidig bidreg vi til å gjere ny maritim klimateknologi raskare klar for marknaden – på eit område der bedriftene på Vestlandet og Noreg elles er verdsleiande. Det betyr at vi legg til rette for framtidas grøne næringsliv i by og bygd på Vestland – og skaper framtidas trygge, gode arbeidsplassar.
Venstre har i mange år vore ein pådrivar for at Vestlandet skal gå i front på ny maritim teknologi og ta alvorleg vår rolle som stor innkjøpar av ferje- og båtruter. Eg er utruleg glad for at vi no har fått dei avgjerande vedtaka på plass i Vestland slik Venstre har ynskt dei – med eit breitt politisk fleirtal bak seg.
Nyskapande næringsutvikling og gode kvardagsliv langs kysten er ingen motsetnad til ein offensiv klimapolitikk. Det heng tvert imot tett saman. No syner Vestland verda klimavegen til framtida – og den vegen går til sjøs!
—
Alfred Bjørlo, Fylkesutvalsmedlem for Venstre i Vestland