Dei største samskipnadane i Oslo, i Gjøvik, Ålesund og Trondheim og på Vestlandet får mest. Dei ti millionar kronene som no vert delt ut, er ein del av regjeringa si siste krisepakke i haust og skal brukast til konkrete, sosiale aktivitetar eller til å koordinere arbeidet med å nå ut til studentane. Dette kan for eksempel vere studentmentorar eller -koordinatorar, trivselsfond eller konkrete prosjekt i regi av studentfrivilligheita.
– Året 2020 var prega av avstand, karantene for nokre og einsemd for svært mange. Det har naturleg nok gjort det krevjande å vere student både fagleg og sosialt. Sjølv om samskipnadane har fått på plass mange gode tiltak allereie, som digitale kollokviegrupper, eigne appar der studentar kan møtast og digitale fredagsquizar, så håpar vi at desse midlane gjer det mogleg å få enda fleire gode tiltak for studentane som har hatt eit tøft år, seier Marianne Synnes Emblemsvåg (H).
– Dette kjem i tillegg til at tilskotet til studentsamskipnadane er auka med 20 millionar kroner i statsbudsjettet for 2021. Pengane skal gå til å styrke velferdstilbodet til studentane, som for eksempel det psykiske helsetilbodet. I tillegg finst der pengar til arbeidet med psykisk helse gjennom Helsedirektoratet, som samskipnadane og fleire kan søkje om, seier Lena Marie Landsverk Sande (V).
– Vi er glade for at desse midlane vert fordelt på alle landet sine studentsamskipnader, ved at alle har fått eit grunnbeløp på 50.000, medan resten er fordelt etter medlemstal. Det er også viktig at pengane vert nytta slik at dei kjem alle studentar til gode, også fagskulestudentar som ikkje er medlem i ein samskipnad, seier Steinar Reiten (Krf).
Slik vert pengane fordelt:
Studentsamskipnad Beløp
Studentsamskipnaden i Agder 523 000
Studentsamskipnaden på Vestlandet 1 427 000
Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge 690 000
Norges arktiske studentsamskipnad 605 000
Studentsamskipnaden Innlandet 547 000
Studentsamskipnaden Indre Finnmark 56 000
Studentsamskipnaden i Molde 129 000
Nord studentsamskipnad 432 000
Studentsamskipnaden SiO 2 453 000
Studentsamskipnaden i Stavanger 487 000
Studentsamskipnaden i Volda 194 000
Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim 1 580 000
Studentsamskipnaden i Østfold 289 000
Studentsamskipnaden på Ås 214 000
ANSA 374 000
Sum 10 000 000