Regjeringa har vedteke at dei to statlege kredittinstitusjonane GIEK og Eksportkreditt frå 1. juli skal slåast saman til ein organisasjon. Med næringsdepartementet som eigar av begge og med delvis overlappande formål, er dette sikkert både smart og naudsynt.
Vi reknar med at dette skal gi staten ei framtidsretta eksportfinansiering for norske verksemder.
Eit samarbeid med næringslivet er eit avgjerande steg i rett retning, det er viktig å lytte til aktørane for å spisse tiltaka slik at dei fremmar norsk eksport.
Etter mitt syn er det då avgjerande at verkemiddelapparatet er tilstades der mesteparten av eksportverdiane vert skapt.
Eg støttar Stig Remøy når han i ein kronikk i Sunnmørsposten 4. januar i år uttalar:
«For folk som skal forvalte milliardar av verkemiddelkroner på vegne av av skattebetalarane, er difor nærleik til den eksportskapande maritime og marine klynga på kysten langt viktigare enn nærleik til regjeringskvartalet og skinande kontorbygg midt i hovudstaden.»
Kompetanse, kunnskap og nærleik til næringslivet er avgjerande for å gi støtte til dei framtidsretta verksemdene som gir arbeid og livsgrunnlag for lokalsamfunna, ikkje berre dei største og mest sentralt plasserte.
Regionbankane i Ålesund stiller seg uforståande til DeLoitte sin rapport, som mellom hevdar at det kun er i Oslo det er tilstrekkeleg tilgang på kompetanse til å gjennomføremstore omstillingsprosessar. Bankane har i lang tid samarbeida mellom anna med GIEK. Sparebank 1-gruppa sitt kontor i Ålesund har td hovudansvar for banken sitt engasjement innan offshore, verft, fiskeri og havbruk. Og regionbanksjef Jan Rune Hurlen stadfestar at dei har samarbeida tett med Giek og er avhengig av det når det kjem til store investeringar i td nye fiskefarty.
Eg tillet meg vidare å sitere min gode ven, økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten, som seier dette til Sunnmørsposten 7. januar:
«Det minner meg om uvitenhet, på grensen til frekkhet, når en påstår at det kun er i Oslo en finner kompetanse til å styre Giek og Eksportkreditt.»
Både Ålesund og Bergen har slik kompetanse og vi treng no at politikarane viser vilje og veg til å etablere verksemda med kontor der dei største verdiane vert skapt.
Statleg eigarskap må gi føringar for å unngå sentralisering. Ser vi på Giek sin årsrapport for 2019 er Møre og Romsdal dei største brukarane av Giek si garantiordning, med Vestland på plass to.
No må sentrale politikarar ta tak i dette. Det handlar ikkje berre om å legge kompetansearbeidsplassar til andre regionar enn Oslo. Det er også ein meirverdi at ein del tilsyn og direktorat skaffar seg distanse til departement og andre delar av statsadministrasjonen.
Om ingenting vert gjort, vil DeLoitte sin konklusjon verte sjølvoppfyllande profeti: Dersom Oslo har mest kompetanse, må alt flyttast dit. Til slutt blir det nettopp slik at all kompetanse er i Oslo.
Eg ber om at næringsministeren brukar den statlege eigarstyringa til å sørge for at det blir oppretta kontor i Ålesund. La denne bli ei vinnarsak før valkampen. Det er mange som vil bruke denne mot oss! Vi treng Venstre-røyster i distrikta.
Beste helsing
Kari Grindvik
Ålesund Venstre