Time Venstre hadde årsmøte torsdag 10. desember i kommunestyresalen på Bryne med godt frammøte. Gjert Anders Saltskår Bjerkevoll held fram som leiar, og med seg i styret får han: Bjarte Solheim, Knut Norddal, Ingebjørg Undheim, Unni Fuglestad og Tone Byberg som styremedlemmar. Heidi Håland, Jørn Martinsen og Atle Sjølyst-Kverneland er varamedlemmar til styret. Svein Undheim er revisor.
Unni Fuglestad, Bjarte Solheim og Gjert Anders Saltskår Bjerkevoll vart valde som utsendingar til fylkesårsmøtet som skal vera på Bryne 6. og 7. februar. Ingebjørg Undheim og Tone Byberg er varautsendingar.
Årsmeldinga vitna om god aktivitet gjennom 2020 sett i lys av koronasituasjonen; Time Venstre har hatt to møte om utkast til stortingsvalprogram. Eitt av møta var saman med Klepp Venstre der Mia Bruvik, medlem av programkomiteen var med. Partiet har hatt 16 gruppemøte før møta i formannskap og kommunestyre. I april og mai vart møta gjennomført digitalt. Nokre av møta har hatt vitjing av privatpersonar / representantar for lag og organisasjonar som vil fremja sine synspunkt i aktuelle saker. Fleire lesarbrev har vore sendt til Jærbladet, og Facebook har vore aktivt brukt både til å informera om aktivitet, møte og politikk.
Viktige politiske saker som Time Venstre har arbeidd med gjennom 2020 har vore: Areaplanen fase 2 Kvernaland der Time Venstre markerte seg i prosessen med å føreslå nei til konsekvensutgreiing av jordvernomsyn av området som er tiltenkt datasenter; alkoholpolitiske retningslinjer 2020 – 2024 med forslag om at lokale bryggeri skulle få salsløyve for sal av lokalt tilvirka øl i kl. 1 levert heim til kjøpar; kjempa for at Re / Svertingstad ikkje skulle byggast ut av jordvernomsyn; barnehagebruksplan og skulebruksplan der m.a. Hognestad skule vart verna; budsjett 2020 i fellesframlegg med Mdg, H, Frp og Krf med m.a. idrettscampus på Bryne og badeanlegg i Frøylandsvatnet.
Bjarte Solheim har i kommunestyret hatt spørsmål til ordføraren om å dela opp anbod slik at ein lettare legg til rette for små verksemder. I samarbeid med andre parti har han og hatt interpellasjon om evakuering av barn frå Moria-leiren.
Kvernaland, den 14. desember 2020
Knut Norddal