Ber om lovlegkontroll av skulekrins-vedtaket for Austefjord-elevane

Volda Venstre

Krf, Venstre og Frp har gått saman om å krevje lovlegkontroll av skulekrins-vedtaket kommunestyret gjorde 26.november. Med knapt fleirtal vedtok då kommunestyret at elevane i Austefjord – når Austefjord skule vert lagt ned neste haust – skal høyre til Indre Volda skulekrins med Hornindal skule som nærskule. Unntaket gjeld elevar frå Aurstad, Årset og Ullaland som skal høyre til Stor-Øyra krins.
Volda kommune sende i haust saka ut på høyring til foreldre/føresette. Høyringsuttalane var nokså eintydige med klare ynskje om å høyre til Stor-Øyra krins.
Hallvard Bjørneset som er gruppeleiar i Venstre, grunngjev kravet om lovlegkontroll med at ein i ei så viktig sak må vere heilt trygg på at saka er forsvarleg handsama utan sakshandsamingsfeil.
“Når vi ber dei føresette om råd, er det eit tankekors at kommunestyrefleirtalet ikkje tar omsyn til foreldreviljen. Venstre, Krf og Frp ynskjer ein kontroll på at saksutgreiinga og vedtaket er gjort i samsvar med opplæringslova sin føremålsparagraf. Dessutan ynskjer vi å få vurdert om fristen i haustens høyringsrunde har vore for knapp,” seier Bjørneset som siste tida har hatt kontakt med fleire frusterte foreldre frå Austefjorden.
Dei tre partia ber Volda kommune snarast ta opp kravet om lovlegkontroll. Dersom det viser seg at kommunestyret held fast på krinsgrense-vedtaket frå november, vert kravet om lovlegkontroll oversendt fylkesmannen i Møre og Romsdal.