Forslag til nytt stortingsvalprogram lansert

Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn er leiar for Venstre sin programkomité., Foto: Oda Scheel

Torsdag lanserte Venstre sin programkomité forslaget til stortingsvalprogram for 2021-2025, «Fridom og mogelegheiter for alle». Der prioriterast kutt i klimagassutslepp, fortsatt satsing på skulen og grøn omstilling av næringslivet.

– Eg er glad for å presentera eit program som leverer sterkt på klima og miljø, på skule og oppvekst og som er på lag med dei som skapar arbeidsplassar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn, som er leiar av programkomitéen.

Fridom og mogelegheiter for alle

Rotevatn trur programforslaget er gjenkjenneleg, tross ny politikk og høgare ambisjonar:

– Sjølv om programmet er nettare, er innhaldet vel så bra. Venstre vil sikra kvart enkelt menneske større fridom, samstundes som vi vil ha eit samfunn med små forskjellar og mogelegheiter for alle. I dette programmet har vi høgare ambisjonar for klimaet, skulen og næringslivet enn nokon gang tidlegare. Vi trur på framtida, seier han.

Venstre vil sikra kvart enkelt menneske større fridom, samstundes som vi vil ha eit samfunn med små forskjellar og mogelegheiter for alle.

Sveinung Rotevatn

Han legg til at programmet er historisk kort, sjølv om ein del av endringsforslaga som er komne inn sidan førsteutkastet er tekne med.

Programutkast-illustrasjon
Last ned andreutkastet av programkomiteens forslag til nytt politisk program for Venstre

Programkomiteen går blant anna inn for:

  • Raskare opptrapping av CO2-avgifta
  • Å verna 30 prosent av all norsk natur
  • Å utvida opsjonsordninga
  • Meir fridom og valfag i skulen
  • Skattefrådrag på vidareutdanning
  • Ei større satsing på psykisk helse

Les heile programforslaget her (PDF)

Veit at politikken fungerer

Klimaministeren har tru på Venstre si gjennomslagskraft:

– Venstre i regjering har sørga for at utsleppa går ned. Vi har sørga for at rekordmange lærarar har fått vidareutdanning, som igjen gjev elevane betre kvalitet på undervisninga. Vi veit at politikken vår fungerer. Men det har hendt mykje sidan me sist laga program. Då fantes det verken klimastreikarar, skule på Teams eller koronapakkar. Med dette programmet har vi ny politikk som vil gjera oss betre rusta for ei grønare framtid, med fridom og mogelegheiter for alle, seier Rotevatn.

Opp til medlemane

Rotevatn oppmodar medlemane til å bidra i programprosessen vidare:

– Eg vil takka programkomitéen for den gode innsatsen dei har lagt ned. No er det opp til medlemane å seia si meining. Det er landsmøtet i april som avgjer korleis det endelege programmet skal sjå ut, understrekar han.

Fristen for endringsforslag er 15. februar. Programmet skal vedtakast endeleg på Venstre sitt landsmøte 9.-11. april.

Les heile programforslaget her (PDF)

Send inn endringsforslag til programmet