Fylkesårsmøtet for Vestland Venstre 2021

Fylkesstyret ønskjer velkommen til fylkesårsmøte 13. og 14. februar 2021.

Med den pågåande pandemien vert det dessverre umogleg å halde eit fysisk møte, og fylkesstyret har teke avgjersle om at årsmøtet vert avvikla digitalt via Zoom.

Innkalling vart sendt ut på e-post til lokallaga og sideorganisasjonane i desember, veke 51.

Utsendingar til fylkesårsmøtet veljast på lokallagsårsmøta og på årsmøta til sideorganisasjonane.

Separate nominasjonsmøte for dei to valkrinsane vert arrangert same helga.

Nominasjonsmøta for dei to valkrinsane vert avvikla laurdag føremiddag, før fylkesårsmøtet.

Dei to møta får ulik møtestart. Nominasjonsmøtet for Hordaland valkrins vil starte kl. 10.45, medan nominasjonsmøtet for Sogn og Fjordane valkrins vil starte kl. 13.00.

Møtestart for fylkesårsmøtet vert kl. 15.00.

 

> Detaljert program for helga finn du her

> Sakspapir for nominasjonsmøta finn du her

> Sakspapir for fylkesårsmøtet finn du her

> Detaljerte instruksjoner for deltaking via zoom finn du her

 

Dette er lenkja som delegatene skal bruke for innsending av endringsforslag til fråsegnene: https://forms.gle/mVoJHNocDmgjpCnz8

Frist er søndag 14. februar kl. 10.00

 

Fristar

4. januar:

12. januar:

  • Frist for innsending av eventuelle andre saker til årsmøtet
  • Frist for enkeltmedlemmer å sende inn endringsforslag til andreutkastet til stortingsvalgprogrammet for handsaming på årsmøtet. Bruk dette skjemaet. Andreutkastet til program finn du her.
  • Frist for fylkesstyret å sende ut orientering om innkomne forslag til vedtektsendringar og innstilling til desse.

28. januar:

  • Frist for å melde på utsendinger til årsmøtet > vart utvida til 1. desember.

Det er no påmeld 121 delegater til sjølve fylkesårsmøtet.

  • Frist for innsending av forslag til politiske fråsegner > vart utvida til 1. februar.

Det har kome inn heile 22 forslag innan fristen.

1. februar:

  • Siste frist for lokallag å sende inn endringsforslag til andreutkastet til stortingsvalprogram for handsaming på årsmøtet. Bruk dette skjemaet.

Fylkesstyret har etter 2. februar gått gjennom alle innkomne endringsforslag og kome med innstillingar. Oversikt er sendt ut til dei påmelde delegatane.

5. februar:

  • Siste frist for styret å sende ut sakspapir til dei påmelde utsendingane
  • Siste frist for innsending av fullmaktskjema frå lokallaga

Bruk e-postadressa [email protected] om du har spørsmål

NB! Alle delegatar må ha medlemsrettar i partiet, det vil seie at kontingent for 2021 må vere betalt i god tid før møtet.