30 ekstra grøne ferjemillionar til Vestland

Alfred Bjørlo
Alfred Bjørlo , Foto: Rebecca Amber

– Det er svært gledeleg at Stortinget no sørgar for at Vestland fylke får 30 millionar kroner ekstra i 2021 fordi Vestland har gått føre i å ta klimaansvar og byte ut dieselferjer med nye elektriske ferjer.

Det seier Venstres medlem i Fylkesutvalet i Vestland, Alfred Bjørlo. Regjeringspartia og Frp i Kommunalkomiteen på Stortinget er no samde om at ekstrapotten på 100 mill NOK i statsbudsjettet til ferjefylka skal fordelast slik at 2/3 av pengane går til dei fylka som har investert i nye, miljøvenlege ferjer som kuttar klimautslepp. Sidan Vestland har 19 av dei totalt 29 fylkesvegferjesambanda i Noreg med elektriske ferjer pr 2020, betyr det at Vestland fylkeskommune får over halvparten av denne «klimapotten» på statsbudsjettet.

– Fylkespolitikarar frå både Venstre, Krf, Høgre og Frp har arbeidd hardt med denne saka dei siste vekene inn mot våre folk på Stortinget, seier Alfred Bjørlo. – Vi har opplevd å bli tatt på alvor, og at det har vore ei oppriktig vilje til å finne løysingar som belønner dei som har gått føre i klimapolitikken. Eg vil som Vestlands-politikar særleg berømme Helge André Njåstad (Frp) og Ove Trellevik (Høgre) for godt arbeid i saka, i tillegg til Venstre sine stortingsrepresentantar Terje Breivik og André Skjelstad.

– Vestland fylke har sett som mål at vi skal strekke oss mot null klimautslepp i Vestland i 2030. Utskifting av ferje- og hurtigbåt-flåten til klimavenlege nye fartøy står då heilt sentralt. Eg opplever at vi no har både Storting og Regjering i ryggen i vårt klimaarbeid. Ikkje minst vil eg trekke fram Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn si sterke prioritering av midlar til utvikling av nye, klimavenlege hurtigbåtar i Vestland som no står for døra. Vi skal i åra framover syne at offensiv klimapolitikk er bra for både reisande, miljø og det nyskapande grøne næringslivet i Vestland, seier Alfred Bjørlo (Venstre).

 

Kontaktinformasjon:

Alfred Bjørlo, Venstres medlem i Fylkesutvalet/Finansutvalet i Vestland, mobiltlf 480 82 652