Ap, Høgre og Venstre har klart budsjettforslaget

Eit budsjett for å utvikle Kinn

Samarbeidspartia Ap, Høgre og Venstre i Kinn kommunestyre er samde om kommunebudsjett for 2021 og økonomiplan for dei komande åra. Kommunestyret handsamar saka 17. desember 2020. Gjennom konstruktive og løysingsorienterte prosessar mellom partia, har tre parti som på mange område er ulike samla seg rundt det som samlar oss: Ei positiv og optimistisk framtidstru på vegne av kysten og kommunen vår, og eit ønskje om å gje Kinn – som framleis er i støypeskeia og innkøyringsfasen – ein god start.

Medan andre parti kan kome med forslag dei veit ikkje vil bli vedtekne har vi det utgangspunktet at det vi forhandlar oss fram til vil bli vedteke. Vi har fleirtal. Det krev at vi er medvitne kva grep vi gjer. Vel vitande om at vi vil bli kritisert nord og ned uansett kva vi gjer, av dei som primært vil framheve eige parti og dei som ikkje vil utvikle men avvikle Kinn.

For oss handlar det om å i smått og stort gjere kommunen vår meir attraktiv for dei som bur her no, og dei vi håpar vil flytte til oss. Det kostar, men vi meiner det er verdt det.

Med utgangspunkt i kommunedirektøren sitt framlegg og våre endringar i dette vil vi særleg kommentere følgjande:

  • Eigedomsskatten skal reduserast i høve kommunedirektøren sitt framlegg med 7 mill kr i 2021, og så yttarlegare akkumulert med 1 million kvart av dei komande åra. Vi ser behovet for økonomisk føreseielegheit i tida framover, men samstundes må administrasjonen og politikarane gradvis bli mindre avhengige av eigedomsskatt.
  • Nordfjordbadet skal planleggast og realiserast og i eit slikt prosjekt er det mange ting som må på plass før ein kan sette spaden i jorda. Vi har likevel framskunda prosjektet med eitt år, slik at det er fullfinansiert i 2023. Dette er eit tydeleg signal om at samarbeidspartia satsar på dette viktige utviklingstiltaket i Måløy.
  • Skram skule i Måløy vert gjennomført som planlagt.
  • Storhallen i Florø vert gjennomført som planlagt.
  • Rådhusprosjektet i Florø vert gjennomført som planlagt, men ein skal også vurdere ulike former for samarbeid med private og styringsmodellar for å sikre både framdrift og kostnadsstyring.
  • Strukturendringar i skule kva gjeld Stavang og Steinhovden skular skal vere del av handsaminga av skulebruksplanen/forskrift om opptaksområde vinteren/våren 2021. Ev. konsekvensar av ei slik handsaming vert å kome attende til i revidert budsjett 2021.
  • Jordmorvakta i Florø og God start-ordninga i Vågsøy vert vidareført.
  • Rehabilitering av kyrkjeparken i Florø vert framskunda til 2021.
  • Sti-prosjektet på Lilleåsen i Florø får 150.000 kroner i 2021.
  • Det vert sett av inntil 250.000 kroner for å legge til rette for at Storevatnet i Florø kan bli meir tilgjengeleg for folk flest.
  • Det vert sett av meir driftsmidlar til beplanting i byane våre til våren.
  • Det vert sett av 500.000 meir til fagbøker i grunnskulen i samband med ny læreplan og digitalisering.
  • Det vert sett av meir midlar til uteområdet ved Florø ungdomsskule, og løyvinga vert framskunda til 2021, med yttarlegare midlar i 2022.
  • Det vert sett av 200.000 kroner til oppgradering av uteområdet Eventyrskogen ved Florø barneskole i 2021.
  • Arbeidet med å realisere fleire sjukeheimsplassar på sjukehuseigedommen i Florø vert framskunda, med mål om at første byggesteg seinast skal stå ferdig i 2023.
  • Ny gymsal ved Florø barneskole er finansiert som planlagt.

 

Det heilskaplege budsjettframlegget kan lesast her.