Vitensenteret ViteMeir får støtte i Statsbudsjettet for 2021

Illustrasjonsbilde av ViteMeir
Slik blir vitensenteret ViteMeir når det opnar i 2021. Ill: ViteMeir, ViteMeir

Regjeringspartia og Framstegspartiet i Stortinget er i budsjettforliket for Statsbudsjettet 2021 blitt samde om å flytte 3.45 millionar kroner for å gje rom for at Vitensenteret i Sogn og Fjordane kan få tilskot som Vitensenter 2021.

– Vi i Sogndal Venstre har arbeidd hardt for dette. Sogndal Venstre er stolte og glade over regjeringa si støtte til Vilvite-senteret, seier Trude Risnes i Sogndal Venstre.

– Kunnskapshjarte til Venstre gler seg. Vi er så takksame for at Venstre på Stortinget har arbeidd inn eit slik viktig tiltak for born og unge. Det vi gje innovasjon og nyskaping innan næringsliv lokalt her i området. Det viser at lokalt engasjement for ei sak lønar seg, seier Risnes

– Det var ei viktig prioritering for Vestland Frp å få midlar til ViteMeir på plass for 2021. ViteMeir blir et supert tilskot til læring for born og unge. Forventningane til senteret har skapt stor begeistring og ikkje minst har det vore eit stort engasjement for å få dette på plass. Dette hadde ikkje kome på plass utan innsatsen til våre lokale folkevalde, og eg er glad vi kom til semje på Stortinget, seier Silje Hjemdal (Frp), stortingsrepresentant for Hordaland.

Vitensenteret i Sogn og Fjordane har fått namnet ViteMeir og skal opne hausten 2021. Det blir etablert på Kaupanger i Sogndal kommune, der Vestland fylkeskommune er byggherre.

I dag er det 12 Vitensenter i Noreg. Vitensenteret i Sogn og Fjordane blir geografisk utfyllande til desse.

– Dette er noko eg har jobba for, så det er svært gledeleg at vi i budsjettforhandlingane gjorde det mogleg å støtte Vitensenteret i Sogndal kommune. Det blir eit flott og inspirerande tilbod for born og unge i heile det “gamle” fylket Sogn og Fjordane. No slepp elevane å reise til Bergen for å oppleve det eit Vitensenter byr på. Det betyr mykje for rekrutteringa til realfag og for næringsliv, seier Frida Melvær (H), stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.

Eit vitensenter rettar seg hovudsakleg mot barnehagar, skular og alle andre som ønskjer seg meir realfagkompetanse.

– Vitensentera inspirerer både born og vaksne til å utforske og søke ny kunnskap. Dei blir ein viktig samarbeidspartnar til skulane om å utvikle kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida, seier Tore Storehaug (KrF), stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.

ViteMeir vert samlokalisert med nasjonal linje for transport og logistikk ved Sogndal vidaregåande skule.

 

Kontaktpersonar for ytterlegare kommentarar:

  • Trude Risnes (V) – 481 68 287
  • Tore Storehaug (KrF) – 941 45 145
  • Silje Hjemdal (Frp) – 920 29 330
  • Frida Melvær (H) – utilgjengeleg i dag, men underteikna kan svare på spørsmål