Fylkesrådmannen hadde i praksis skubba Svelgen-Indrehus heilt ut av Økonomiplanen i Vestland 2021-2024. I fellesframlegget frå Venstre og samarbeidspartia i Vestland, som har fleirtal i Fylkestinget, er det no avsett midlar til startløvying til Svelgen-Indrehus i 2023, med påfølgande større løyving i 2024. Dermed er prosjektet sikra oppstart.
– Det er enormt gledeleg at Venstre og samarbeidspartia no sikrar ei reell startløyving for Svelgen-Indrehus. Endeleg! Dette markerer starten på ei ny tidsrekning for vår region, seier Svein Olav Senneset i Bremanger Venstre.
– Kystvegen Måløy-Florø handlar om å bygge kysten tettare saman, slik ein har gjort for årevis sidan i fylka nord og sør for oss, seier Venstres gruppeleiar i Kinn, Jacob Nødseth. Dei krøtterstiane vi har i dag er forseinkande og utrygge, og hemmar dei som vil skape verdiar og arbeidsplassar. No er vi eitt steg nærare ein vegstandard som er tilpassa verdas rikaste land anno 2020, dagens tryggleiksstandard og det store potensialet som bur i vår region. Vi er svært glade for at Vestland Venstre og samarbeidspartia held fanen høgt for dette, seier Jacob Nødseth.
Kontaktinformasjon:
Jacob Nødseth, Kinn Venstre, mobiltlf 480 13 162
Svein Olav Senneset, Bremanger Venstre, mobiltlf 974 38 064
Alfred Bjørlo, Vestland Venstre (Fylkesutvalet), mobiltlf 480 82 652