Foto: privat

– Vi er svært glade for at Venstre og samarbeidspartia i Vestland fylkesting no løyver pengar til å kome vidare med Atløysambandet allereie i 2021. No blir det slutt på treneringa, og slått krystallklart fast at det snarast skal leggast fram politisk sak i Vestland om oppstart av KS2 for Atløysambandet, og ein finansieringsmodell for rask gjennomføring av prosjektet med ferjeavløysingsmidlar.

Det seier Venstre sin medlem i Finansutvalet i Vestland, Alfred Bjørlo, og Venstre sin varaordførar i Askvoll, Gunnar Osland.

– Venstre har heile vegen vore ein pådrivar for både Atløysambandet og ferjeavløysingsordninga. Prosjektet betyr mykje for vekst og utvikling i Askvoll og heile regionen. Det er «sunn fornuft» å bruke pengar som bilistar og skattebetalarar kvart einaste år brukar på ferje, til å byggje fast vegsamband i staden, seier Bjørlo og Osland.

 

– Askvoll kommune har gjort eit ypperleg arbeid med å få fram nødvendige planar for å kome vidare med Atløysambandet – no er det Vestland fylke som må ta stafettpinnen vidare og få eit ferdig godkjent prosjekt og ein ferdig finansieringssmodell på bordet. Venstre vil henge over saka fram til spaden er sett i jorda – Atløysambandet skal byggjast, seier Alfred Bjørlo, Venstres medlem i Finansutvalet i Vestland.