I konkurranse med fleire bedrifter som kvalifiserte til Vestland Venstre sin miljøpris gjekk Evoy AS i Florø av med sigeren. Dei har tatt ein leiande posisjon i Norge og Europa med utvikling og produksjon av utanbords- og innanbordsmotorar for fritidsbåtar og arbeidsbåtar innan marine næringar.
Kombinasjonen gründerkraft, klimakloke løysingar, rett bruk av verkemiddelapparat, lokalpatriotisme og gjennomføringskraft har gjeve resultat og vil vere eit godt bidrag til vårt ønskje om grøn næringsutvikling og reduksjon av klimagassutslepp, skriv styret i si grunngjeving.
Prisen blei delt ut av Klima og Miljøminister Sveinung Rotevatn i samband med Vestland Venstre sin digitale samling søndag 15. november. Dagleg leiar Leif Arne Stavøstrand mottok prisen på vegner av Evoy og ga ein presentasjon av firmaet.