Endringar i varalista til kommunestyret

Daniel Gangeskar vart vald som 2. vara til kommunestyret ved valet i 2019. I ettertid har Daniel fått jobb som politisk journalist i TV2 i Bergen, og han
har difor fått fritak frå vervet sitt i Kinn. Han er heller ikkje medlem i partiet lenger. Vi vil takke Daniel for solid innsats for partiet og i kommunen over mange år, og ønskje han lukke til i jobben i TV2.

Varalista vart i kommunestyret 10. november supplert og rykka oppover, og ny siste og 7. vara er Trond Kongshaug som bur i Vedvik. På bildet under er Trond Kongshaug (t.v.) i samtale med Sveinung Rotevatn og Edvard Iversen.