I dag er Lena med på sitt aller første landsstyremøte i Venstre. På forhand sendte ho inn ein uttale om psykisk helse og sjølvmordsførebygging, som vart prioritert med vidare til realitetsvedtak seinare i dag. Under generell debatt holdt ho innlegg om rusreforma.
Eg vonar å bidra til heilheitleg tenking, for heile landet, og for ulike typar utfordringar, som også gir politiet tryggleik i den jobben dei skal gjere for å handheve lovverket vårt.
Elles er det interessant å få høve til å lytte til alle våre dyktige politikarar. Det er så stort engasjement om så mange ulike tema.
Oppdatert med lenke til vedtatt fråsegn om psykisk helse og sjølvmordsførebygging.