Valkamputvalet i Vestland Venstre har starta arbeidet og treng innspel

Valkamputvalet for Vestland Venstre har no starta sitt arbeid. Målet vårt er å sikre at Venstre kjem over sperregrensa ved stortingsvalet neste haust. Då kan me få utjamningsmandat i Sogn og Fjordane valkrins og sikre direktemandatet i Hordaland valkrins.

Nominasjonsprosessane går sin gong i dei to valkrinsane. Men sjølv om ikkje listene er klare, ønskjer valkamputvalet å starte arbeidet med å finna dei gode sakene me bør løfte fram i valkampen. Saker som kan vere med på å skape ein tydeleg Venstreprofil som folk kjenner att – i tråd med framlegget til Stortingsvalprogram.

Heile førsteutkastet til program kan du lese på venstre.no om du ikkje allereie har gjort det. Fylkesstyret inviterer og til tre digitale møte om det. Sjekk invitasjonane som kjem på Facebooksida «Vestland Venstre»

Me i valkamputvalet ønskjer no å få meir innsikt i kva som rører seg i det store, vakre fylket vårt. Kva for lokale utfordringar må toppkandidatane vere klar over – og kanskje vere med på å finne løysingar på? Kva bedrifter, skular, stader eller personar bør toppkandidatane besøke?

Fortel oss om di hjartesak slik at me kan ta den med når me skal leggje planane for valkampen.

Gi oss ein lyd før 1. november!
Send oss ein e-post til
[email protected]
Me ser fram til å høyre frå dykk!

Helsing valkamputvalet
Ingrid Nergaard Fjeldstad (Hordaland valkrins), Atle Hamar (Sogn og Fjordane valkrins), Kari Østervold Toft (Venstrekvinnelaget) og Ole-Ansger N. Martini (Unge Venstre)