Den nye Venstreleiinga legg ut på sin fyrste tur saman 26-27. oktober. Målet for turen er dei fire kommunane med ordførar/varaordførar på Nordvestlandet. På dagtid måndag 26. oktober fordeler dei fire statsrådane og leiinga seg på Hareid, Vanylven, Stad og Stryn, før dei samlast på Hotel Alexandra i Loen måndag kveld og held sentralstyremøte der tysdag 27. oktober.
Til Hareid kjem kjem 1. nestleiar og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn, generalsekretær Marit H. Meyer og Irene Dahl, og dei skal mellom anna besøke Ressurssenteret i Hareid, Hareid Group, møte representantar frå næringslivet og besøke Ishavsmuseet Aarvak i Brandal.
Sjå også Vikebladet.no si sak (for abonnentar)
Det er Annika Brandal (varaordførar Hareid) , Lena Landsverk Sande (ordførar Vanylven) Alfred Bjørlo (ordførar Stad) og Torstein Tvinnereim (varaordførar Stryn) som har invitert den nye leiinga til området.
– Det er ingen plass i Norge det er så tett mellom ordførarar og varaordførarar som her. Det er også eit område med særs gode valresultat for Venstre dei siste vala. Såleis kan vi lære av kvarandre desse dagane, seier initiativtakar Torstein Tvinnereim.
Initiativet blei tatt godt imot både av dei andre tre lokallaga og hjå Venstreleiinga.
Annika Brandal i Hareid synes det har vore eit spesielt år å vere fersk i politisk leiing i kommunen. – Dei sentrale politikarane våre har vore viktige for oss lokalt gjennom våren, og då er det også inspirerande at dei no vil sjå og lytte til kva vi jobbar med, og alt som skjer i vårt område, seier ho.
– Det er svært viktig for oss som står på i distrikta kvar dag å få slikt besøk. At leiinga vår viser interesse for det vi arbeider med, ser oss og lyttar til våre utfordringar, betyr mykje for motivasjonen og engasjementet i lokallaga våre, seier Lena Landsverk Sande i Vanylven.
– Venstre er og skal vere eit parti for heile landet. Eg er glad for at heile Venstreleiinga no kjem saman til Nordfjord og Sunnmøre, for å sjå Venstre-politikk på bygda i praksis, og legge ein felles slagplan med oss for ein moderne, framtidsretta distriktspolitikk, utfyller ordførar i Stad Alfred Bjørlo.
Nyvalt venstreleiar Guri Melby gler seg til besøket. – Vi har valt fire sterke Venstre-kommunar for å få innspel til korleis vi kan jobbe nasjonalt for å løfte oss. På same tid skal vi besøke verksemder i desse kommunane som kan gje oss gode idear til kva vi bør gjere i dei prioriterte hovudsakene våre miljø, skule og arbeidsplassar, avsluttar Melby.