Stimuleringsmidlar til Vestnorsk filmsenter

Venstre

Kulturdepartementet har i dag sett av 900 mill kr ekstra til kompensasjons- og stimuleringsordningar til kultursektoren grunna corona-restriksjonane. Av dette er 130 mill kr øyremerka etablerte ordningar der målet er å treffe behova hos rettigheitshavarar som t.d. komponistar, biletkunstnarar, forfattarar og filmprodusentar. Mellom anna er det gitt tilsegn om 9 mill kr til sju regionale filmsenter – mellom desse Vestnorsk filmsenter som har kontor i Bergen og Volda.
“På denne måten følgjer vi opp innspela vi har fått direkte frå kultursektoren. Ved å nytte dei gode ordningane vi allereie har, får vi meir treffsikre, effektive og ressurssparande løysingar”, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja i ei pressemelding.
“Eg er glad for at Stortinget har godkjent framlegget frå regjeringa om ei stimuleringsordning for å sikre eit breidt tilbod av kulturarrangement over heile landet. Eit rikt og variert kulturliv, med mangfald og brei representasjon, er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati og er viktigare enn nokon gong,” seier statsråden.
Vestnorsk filmsenter satsar på lokale filmskaparar og lokal produksjon – og bidrar til at filmar frå Vestlandet kjem ut i verda. Den regionale filmsatsinga er også ein del av den samla nasjonale filmpolitikken. Vestnorsk filmsenter er eigd av Bergen kommune og Vestland fylkeskommune, med samarbeidsavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune. Senteret har kontor både i Bergen og Volda.