I dag er det TV-aksjon, og normalt ville kring 60 bøsseberarar vore på tur rundt omkring i Hareid – og mange, mange elles i landet! I år er dei fysiske bøssene bytta ut med digitale bøsser av omsyn til smittevern.
Dei digitale bøssene i Hareid finn du her:
https://www.spleis.no/bosser/M%C3%B8re%20og%20Romsdal/Hareid
Det er muleg å gi i bøssene i heile oktober, sjølv om tv-aksjonsdagen er i dag.
Har du nokon i familien som treng litt hjelp for å finne og/eller gi i digital bøsse, håper eg de kan hjelpe slik at alle får gi! Ein kan betale med kort, faktura og vipps i bøssene, via Spleis. Lokalt kan vi også gjere ein innsats. Ta med noko å plukke i, og plukk plast og anna rusk på søndagsturen i dag! Då blir det vinn-vinn, vi handlar lokalt og støttar globalt!
God søndag og TV-aksjonsdag!