Venstre i Volda sluttar opp om TV-aksjonen 2020 – og appelerer til innbyggarane i Volda kommune om å støtte ei stor og viktig miljøsak sundag 18.oktober.
Årets TV-aksjon som har fått slagordet «Et hav av muligheter», er adressert kampen mot plast i havet. Heile åtte millionar tonn plast hamnar kvart år i verdshava, noko som gir svært negative følgjer for livet i havet. Ein fjerdedel av plasten kjem frå søraust-Asia. Midlar frå årets aksjon er difor øyremerkt tiltak for å redusere og stoppe plast-ureining til elvar og hav i Indonesia, Vietnam, Filippinane og Thailand. Dette skal gjerast ved å etablere og forbetre eksisterande avfallsystem for meir enn 900.000 menneske. Tiltaka vert organiserte via miljø-organisasjonen WWF – World Wildlife Fund. Organisasjonen er internasjonal med nettverk i over 100 land.
Grunna corona-restriksjonane vert det tradisjonelle besøket av bøssebærarar avlyst under årets aksjon. I staden må dei digitale tenestene gjere nytta.
Følg med på NRK-sendingane, og lykke til med årets aksjon!