Nynorsk kultursentrum får tildelt 604.000 kr ekstra, og musea på Sunnmøre får knapt 1,3 mill kr ekstra for første halvår 2021.
Det er klart etter at regjeringa aukar tilskota til museum og musikk- og scenekunstinstitusjonar med i alt 200 mill kr for første halvår 2021.
Kultur og likestillingsminister Abid Raja (V) seier i ein kommentar at målet for regjeringa er å stimulere til aktivitet og publikumstilstrøyming – og å sikre at dei tilsette ved institusjonane kan vere i arbeid i ei tid der covid 19-utbotet gjer det vanskeleg for institusjonane generere eigne inntekter.
Dei auka midlane vert fordelte på nasjonale og regionale institusjonar over heile landet. Ekstraløyvingane gjeld institusjonar som til vanleg får meir enn 60 prosent av inntektene som offentlege tilskot, og skal altså kompensere for lågare eigeninntekter grunna corona-restriksjonane.
Blant desse er Nynorsk kultursentrum som driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje.