– Opera Nordfjord er eit godt døme på korleis kulturlivet over heile Noreg har sørga for å svinge seg rundt og halde oppe aktivitet og tilbod i ei vanskeleg tid. Eg er veldig glad for at Regjeringa no aukar tilskota til museum og musikk- og scenekunstinstitusjonar over heile landet med 200 millionar kroner for første halvår 2021, og at Opera Nordfjord er mellom dei som får glede av dette, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V).
– Opera Nordfjord er ein unik kulturskatt ikkje berre for Nordfjord, men for heile Vestland fylke, seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V). – Operasjef Kari Pavelich og alle andre i og rundt Opera Nordfjord har synt ein enorm kreativitet og stå på-vilje etter at koronautbrotet lamma kulturlivet i mars 2020. Det ser vi no at publikum set pris på. Billettane til dei pågåande åtte forestillingane av storproduksjonen «Mannen frå La Mancha» er rivne vekk: Alle forestillingane er no utselde. Planlegginga av neste produksjon, «Reisen til Julestjernen» i november, er allereie i full gang.
– Eg håpar og trur dei ekstra midlane som no kjem gjer at Opera Nordfjord vågar og maktar å satse vidare på å gi publikum gode opplevingar også i 2021, sjølv om koronarestriksjonane skulle vare ved, seier Alfred Bjørlo.
Avgrensingane som følgje av utbrotet av covid-19 gjer det vanskeleg for kulturinstitusjonane å generere eigne inntekter. Samtidig fell mange av dei utanfor øvrige stimuleringsordningar fordi dei får ein så stor del av inntektene sine som offentlege tilskot. Det er bakgrunnen for at Regjeringa aukar tilskota til musea og musikk- og scenekunstinstitusjonane med til saman 200 millionar kroner for første halvår 2021. Målet er å stimulere til aktivitet, og å sikre at dei tilsette ved institusjonane og tilknytte frilansarar kan vere i arbeid.