Innfør forbod mot returprovisjon i reiselivet

Åsta Årøen har ordet under LM2020, Foto: Oda Scheel

På vegner av fylkesstyret i Vestland Venstre har leiar Åsta Årøen sendt følgjande oppmoding til stortingsgruppa vår den 30. september:

Til stortingsgruppa i Venstre v/ gruppeleiar Terje Breivik

Innfør forbod mot returprovisjon i reiselivet

Styret i Vestland Venstre ber stortingsgruppa i Venstre om å ta initiativet til å innføre forbod mot returprovisjon i reiselivet gjennom Stortinget. Stortingsgruppa og Stortinget bør utfordre næringsministeren og Næringsdepartementet om å få fart på arbeidet med å gå gjennom regelverket som gjeld provisjon til guidar i reiselivet i Norge.

Returprovisjon til guidar i reiselivet inneber at reiselivsguidar kan få provisjon frå bedrifter som sel suvenirar til turistar om guiden tek turistgruppa med på handel til bedrifter med denne praksisen. Dagens regelverk tillèt dette så lenge guidane informerer turistgruppene om at dei har ein returprovisjonsavtale. Dette kan vere konkurransevridande innanfor reiselivssektoren som allereie har svært utfordrande tider som følgje av koronaepidemien.

Næringsdepartementet må no få fart på denne saka som først vart meldt inn for fleire år sidan, og få på plass eit regelverk som sikrar rettferdige konkurransevilkår.

 

På vegner av styret i Vestland Venstre

Åsta Årøen, leiar

 

Sjå innlegg i Sogn Avis (bak betalingsmur)