Følgende uttalelse er sendt i dag 1.oktober:
Venstre vil ha kraftig satsing på rassikring
Klimaendringane er eit faktum. I åra framover vil me oppleva ustabile verfenomen som gir seg utslag i større flaumar og fleire ras. Dette fører til psykososiale kostnader som utrygghet, trussel mot liv og helse og store materielle kostnader innan infrastruktur og samfunnstrygghet.
Stamvegnettet er eit leve eller ikkje leve for næringslivet rundt om i heile landet, til dømes når det gjeld fabrikkar, oppdrett, reiseliv eller landbruk. Dersom ressursbruken på vegnettet skal baserast einsidig på samfunnsøkonomiske analysar rangert etter netto nytte pr budsjettkrone, vil vegane i distrikta komma dårleg ut. Spreidd busetnad og låg årsdøgntrafikk (ÅDT) gjev automatisk lågare netto nytte samanlikna med prosjekt i område med større folketal og dermed høgare ÅDT.
Nasjonal rassikringsgruppe har kostnadsrekna sikring av alle raspunkt med høg eller middels skredfaktor til 71 milliardar kroner. Dette er det uråd å oppnå med dagens løyvingar. Derfor vil Venstre arbeida for ei kraftig auke av desse løyvingane i framtidige statsbudsjett.
Venstre vil:
• At det i førstkommande rullering av Nasjonal Transportplan (NTP) skal lagast ein heilskapleg, nasjonal plan for skredsikring av riks- og fylkesvegnettet kva gjeld utbetring av alle punkt med høg eller middels skredfaktor. Planen må sikrast prosjektfinansiering slik at den vert gjennomført samanhengande og kostnadseffektivt gjennom 12-årsperioden.
• Arbeida for ei kraftig auke av dagens løyvingar til sikring av raspunkt med høg eller middels skredfaktor.
• Sikra rasutsette jernbanestrekningar.
På blidet fra venstre : fylkesleder Ragnhild Helseth (Møre og Romsdal Venstre), Nils Bjarne Vold og fylkesleder Kjartan Alexander Lunde (Rogaland Venstre) og fylkesleder Åsta Årøen (Vestland Venstre)