I dag vart det statsrådsbesøk i Ulsteinvik og på Hareid, med fokus på maritim næring. Næringsminister Iselin Nybø fekk oppleve entusiasmen, satsingsviljen og stayerevna i den maritime næringa på Sunnmøre; på Ulstein verft, Skaparhuset og på Hareidskonferansen.
Ministeren vart oppmoda om å ta vare på refusjonsordningane, sørge for gode vrakpantordningar, og til å oppretthalde høgt aktivitetsnivå i olje og gass, medan ein jobbar med grøn omstilling. Næringa treng forutsigbarheit og stimuli til langsiktig satsing. Det trengst eit nasjonalt løft for å sikre maritim næring, og satsing på arbeidsplassar langs kysten.
Takk for at du ser og lyttar til næringsdrivande her på søre Sunnmøre!