Vi gratulerer Brunvoll Volda med 7,2 mill kr i forskingsmidlar!

Volda Venstre

Verksemda Brunvoll Volda er tildelt 7,2 mill kr frå Forskningsrådet til vidare utvikling av den nye propelltypen «Brunvoll Contra Rotating Propeller». Dette er midlar som regjeringa har stilt til rådvelde for å auke kompetansen i dei maritime næringane i Norge.
«Dette vil vere svært viktig for norsk økonomi når vi no går inn i eit avgjerande tiår for havet og klimaet. Forsking og innovasjon i næringslivet blir avgjerande for å både auke verdiskapinga og redusere utslepp», seier næringsminister Iselin Nybø (V).
I alt er det tolv prosjekt innan havnæringane – frå Kirkenes i nord til Fredrikstad i sør – som no får tildelt totalt 126 mill kr til fremjing av grøn omstilling, digitalisering og effektivisering av havnæringane og berekraftig produksjon av sjømat.
Blant desse finn vi altså Brunvoll Volda. Vi gratulerer!