Starter milliardsatsing på CO2-fangst og lagring

Regjeringa har i dag lagt fram ei melding til Stortinget om korleis dei vil støtte gjennomføring av fangst, transport og lagring av CO 2 i Noreg. Prosjektet har fått namnet "Langskip". Dette er det største klimaprosjektet i norsk industri noensinne. Med dette kuttar Noreg utsleppa, ikkje utviklinga. (Foto: Oda Scheel)

– For at verda skal nå måla vi har forplikta oss til i Parisavtalen, må vi fange og lagre CO2 i stort omfang, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Regjeringa har i dag lagt fram ei melding til Stortinget om korleis dei vil støtte gjennomføring av fangst, transport og lagring av CO 2 i Noreg. Prosjektet har fått namnet «Langskip». Dette er det største klimaprosjektet i norsk industri noensinne. Med dette kuttar Noreg utsleppa, ikkje utviklinga.

Med dette skapar Noreg klimaløysingar for framtida.

Sveinung Rotevatn

– Det er ikkje alle utslepp som kan kuttast med å ta i bruk fornybar energi. I fleire industriprosessar, som til dømes sementproduksjon, er CO2-fangst og lagring den einaste teknologien som kan kutte utsleppa. Med dette skapar Noreg klimaløysingar for framtida, seier Rotevatn.

Klimasuksess for framtida

Noreg har gode føresetnader for å bidra til utviklinga av CO2-handtering. Noreg har sterke fagmiljø for fangst, transport og lagring av CO2. Utbygging og drift av CO2-prosjekta på Sleipner og Snøhvit har i fleire tiår demonstrert sikker lagring av CO2 på norsk kontinentalsokkel.

Regjeringa foreslår å først realisere fangst av CO2 ved Norcems sementfabrikk i Brevik. Regjeringa legg òg opp til å støtte fangst av CO2 ved Fortum Oslo Varmes avfallshandteringsanlegg i Oslo, men då må dette prosjektet først skaffe tilstrekkeleg eigenfinansiering og finansiering frå EU eller andre kjelder.

– For at prosjektet skal bli ein klimasuksess for framtida, må òg andre land ta teknologien i bruk. Det er ein av grunnane til at vi stiller krav om at også andre skal bidra økonomisk, seier statsminister Erna Solberg.

Langskip omfattar òg støtte til transport- og lagringsprosjektet Northern Lights, eit samarbeid mellom Equinor, Shell og Total. Northern Lights skal frakte flytande CO2 med skip frå fangstanlegga til ein mottaksterminal i Øygarden i Vestland. Derifrå vil CO2 bli pumpa gjennom røyr til eit lager under havbotnen.

-Opptekne av å bygge stein på stein saman med industrien.

Over mange år har ulike norske regjeringar støtta opp under teknologiutvikling, test- og pilotprosjekt og framheva CO2-fangst og -lagring som eit viktig verkemiddel internasjonalt. Regjeringa har følgd opp dette og arbeida målretta med CO2-handtering sidan 2013.

– Vi har vore opptekne av å bygge stein på stein saman med industrien, slik at vi er trygge på at det kan gjennomførast. Denne tilnærminga har vore vellukka, og grunnlaget for avgjerda er no på plass. Med Langskip bygger vi ny infrastruktur, og vi legg til rette for å knytte andre CO2-fangstanlegg til eit CO2-lager i Noreg. Dette er klimapolitikk som fungerer, seier olje- og energiminister Tina Bru.

FNs klimapanel slår fast at fangst og lagring av CO₂ vil vere naudsynt for å redusere globale klimagassutslepp i tråd med klimamåla til lågast mogleg kostnad. Det er få anlegg i drift i dag på verdsbasis. Vi treng difor fleire prosjekt som gir læring og teknologisk utvikling som reduserer kostnaden. Nye anlegg i Europa og verda er ein føresetnad for at fangst og lagring av CO2 skal kunne bli eit effektivt klimaverkemiddel.

25 milliardar

Samla investeringar for Langskip er anslått til å vere 17,1 milliardar kroner. Dette inkluderer både Norcem, Fortum Oslo Varme og Northern Lights. Driftskostnader for ti års drift er anslått til 8 milliardar kroner. Samla kostnadsanslag er dermed på 25,1 milliardar kroner. Langskip får statsstøtte i tråd med framforhandla avtalar. Staten sin del av desse kostnadene er anslått til 16,8 milliardar kroner.